Opna hovudmenyen
Khalkída
Lokalt namn: Χαλκίδα
Den gamle brua i Khalkída
Den gamle brua i Khalkída
Geografi
2011 Dimos Chalkideon.png
Stad Sentral-Hellas
Koordinatar 38°28′N 23°36′EKoordinatar: 38°28′N 23°36′E
Areal 412,4 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Évvia
Hovudsete Khalkída (59 125 innb.)
Demografi
Folketal 102 223 (2011[1])
Folketettleik 240,7 /km²

Khalkída (gresk Χαλκίδα), òg skrive Khalkis, Halkida, Halkis, Chalkida, Chalcis eller Chalkis) er ein by og ein kommune på øya Évvia. Han er hovudstad i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Han ligg ved det smalaste punktet i Évripossundet. Namnet er bevart sidan antikken og kjem av det greske ordet χαλκός, som tyder kopar eller bronse), sjølv om det ikkje er spor etter gruver i området.

HistorieEndra

AntikkenEndra

Den tidlegaste skriftlege kjelda om Khalkis (Khalkída) er frå Iliaden (2.537), der han vert nemnd i lag med rivalen Erétria. Graver ved Trypa og Vromousa frå den mykenske perioden vart greve ut av Papvasileion i 1910. På 700- og 600-talet fvt. grunnla kolonistar frå Khalkída tretti bysamfunn på halvøya Khalkidikí og fleire viktige byar på Sicilia. Mineral, metallarbeid og purpurfarga klede og keramikk vart fordelt over heile Middelhavet i skip frå Korint eller Sámos.

Med hjelp frå desse allierte gjekk Khalkída til krig mot nabobyen Erétria i den såkalla lelantinarkrigen, der han vann til seg dei beste jordbruksområda på Évvia og vart den viktigaste byen på øya. Tidleg på 500-talet fvt. tok velstanden slutt etter ein katastrofal krig mot atenarane, som kasta ut det styrande aristokratiet og oppretta ein klerukh her. Khaklis vart så medlem av Det athenske forbundet.

I den hellenistiske perioden vart festninga i byen nytta av makedonske herskarar, som kontrollerte Sentral-Hellas. Han vart nytta som base av kongane Antiokhos den store (192 fvt.) og Mithradates VI av Pontos (88 fvt.) for invasjonar av Hellas.

Romersk styre og tida etterEndra

Som ein del av Romarriket oppnådde Khalkída igjen velstand som handelsby, og etter 500-talet evt. hadde han igjen ei festning som verna Sentral-Hellas mot invasjonar frå nord. Frå 1209 kom han under ventiansk kontroll. I 1470 gjekk han vidare til Det osmanske riket, som gjorde han til sete for ein pasha. I 1688 stod han imot eit kraftig åtak frå venetianarane.

Den moderne byenEndra

Byen fekk jernbanesamband med Aten og Pireus i 1904 og eksporten av varer auka kraftig. Ein stor del av dei gamle bymurane raste saman under eit jordskjelv i 1894. I 1899 vart Khalkída hovudstad i prefekturet Évvia.

BrueneEndra

Byen er i dag forbunde til det greske fastlandet via to bruer. Det vart bygd bru over Évripossundet, som skil byen frå fastlandet, alt i 411 fvt.. Under Justinian vart brua erstatta av ein brukonstruksjon som kunne flyttast, før tyrkarane erstatta denne med ei fast bru. I 1856 vart det bygd ei svingbru av tre og i 1896 ei svingbru av jern. I 1962 var ei glidebru bygd, medan hengebrua sør for byen vart opna i 1993.

Administrativ inndelingEndra

 
Den tidlegare kommunen Khalkída, no kommunaleininga Khalkída

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 102 223 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khalkída hadde 59 125, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Byar og tettstaderEndra

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Khalkída Khalkída 59 125
Néa Artáki Néa Artáki 9 489
Vasilikó Lilándia 6 571
Drosiá Anthidóna 5 020
Ájos Nikólaos Lilándia 3 426
Paralía Avlídas Avlída 3 115
Vathý Avlída 2 385
Néa Lampsákos Lilándia 2 196
Mýtikas Lilándia 1 808
Fýlla Lilándia 1 459
Afráti Lilándia 1 405
Fáros Avlída 1 171
Loukísia Anthidóna 1 161
Kalokhóri-Pandíki Avlída 922
Xiróvrysi Anthidóna 878
Paralía Avlída 602
Mikró Vathý Avlída 576
Ritsóna Avlída 535

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra