Sámos (gresk Σάμος) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg mellom Khíos i nord og øygruppa Dodekanesane i sør. Nærast av desse øyane er Pátmos. I tillegg ligg Sámos like utanfor kysten av Tyrkia og området som tidlegare vart kalla Jonia.

Sámos
Lokalt namn Σάμος
Utsyn frå Vathý mot hamna i Sámos by
Utsyn frå Vathý mot hamna i Sámos by
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°44′N 26°50′EKoordinatar: 37°44′N 26°50′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 476 km²

Høgaste punkt Vígla (1 433 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Sámos
Største busetnad Sámos by (6 191 innb.)

Demografi
Folketal 32 977 (2011[1])
Folketettleik 69,1 /km²

Tidlegare hadde Sámos fire kommunar og var i lag med naboøyane Ikaría og Foúrni administrert som ein del av Sámos prefektur. Frå 2011 er vart Sámos eiga periferieining i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Frå 2019 omfattar øya dei to kommunane Vest-Sámos og Aust-Sámos.[3]

Administrativ inndeling endre

 
Dei to kommunane vart danna i 2019 ved at ein delte opp den tidlegare kommunen Sámos.[3] ██ Vest-Sámos ██ Aust-Sámos

Den noverande kommunestrukturen kom til i 2019 gjennom ein revisjon av den store kommunereforma i 2011,[3] då ein hadde slått saman alle dei tidlegare kommunane på Sámos til ein kommune, med dei fire tidlegare kommunane som kommunaleiningar.[2] Dei to nye kommunane er:

Skildring endre

Sámos har eit areal på 476 km², er 43 km lang og 13 km brei. Ho er ei av dei største og mest frodige av øyane i Egearhavet som ligg nær Anatolia. Avstanden til det tyrkiske fastlandet er berre 1,5 km. Store delar av øya er dekte av fjellkjeda Kérkis der den høgaste toppen er Vígla på 1 433 moh. Fjellkjeda er ei fortsetjing av fjellet Mycale på fastlandet. Øya er svært frodig og ein stor del av ho er dekt av vingardar, og vin laga av druer frå Vathý har svært godt rykte på seg. Sámos har om lag 33 000 innbyggjarar.

Hovudbyen Sámos by er hovudhamna, opphavleg hamnebyen til Vathý. Andre hamner er Karlóvasi og Pythagório, tidlegare kalla Tigáni.

Sámos har òg ei lufthamn.

Økonomi endre

Økonomien på Sámos er stort sett avhengig av turistindustrien, som har auka jamnt sidan tidleg på 1980-talet. Av jordbruksprodukt finn ein druer, honning, oliven, olivenolje, sitrusfrukter, tørka fiken, mandel og blomar. Muskatdrua vert stort sett nytta til vinproduksjon. Vin frå Sámos, mest kjend for den søte muskatel-typen, vert eksportert under fleire namn, og har vunne fleire prestisjetunge prisar både internasjonalt og i Hellas.

Historie endre

Tidleg historie og antikken endre

I den klassiske antikken var øya senter for jonisk kultur og luksus, og kjend for vinen sin og den raude keramikken. Den mest kjende bygningen på øya var den joniske ordenen sitt tempel til gudinna Hera, kalla Heraion.

Den tidlegaste historia om Sámos er mangelfull, men då dei store folkevandringane fann stad i området kom joniske folkesetnadar til øya frå Epidauros i Argolída. Sámos vart eitt av tolv medlemmer i Det joniske forbundet. På 600-talet fvt. hadde ho vorte eit av dei største handelssentruma i Hellas. Denne tidlege velstanden til øya kom sannsynlegvis av at ho låg langs fleire handelsruter. Folket på Sámos dreiv i tillegg omfattande handel til sjøs, og var med på å opne opp handelsruter til Svartehavet og til faraoane i Egypt. Dei var òg dei første grekarane som nådde Gibraltarsundet.

Handelen deira førte dei inn i nære relasjonar med Kyrene, og sannsynlegvis òg med Korint og Khalkída, men gjorde dei til bitre fiendar av naboane Milet. Feiden mellom desse to statane førte til at dei gjekk ut i ein krig kalla den lelantinske krigen (600-talet fvt.) då trierer vart nytta for første gong i gresk marine. Milet gjekk sigrande ut av krigen, men på 500-talet fvt. slapp Sámos unna krigshandlingane til asiatiske kongar mot mellom anna Milet og andre stader på fastlandet. Rundt år 535 fvt. vart det eksisterande oligarkiet velta av tyrannen Polykrates og på same tidspunkt nådde Sámos sin høgaste velstand. Marinen hennar verna ho frå invasjon og var den fremste i Egearhavet. Offentlege arbeidarar gjorde byen vakrare og skulane, skulptørane og smedane her hadde svært godt rykte.

Eupalinosakvedukten endre

500-talet fvt. vart Sámos styrt av den kjende tyrannen Polykrates. Under hans styre grov to arbeidargrupper under ingeniøren Eupalinos ein tunnell gjennom fjellet Kastro for å byggje ein akvedukt som skulle føre ferskt vatn til Sámos by. Det var svært viktig at denne vasstilføringa var underjordisk slik at fiendar vanskeleg skulle få auge på og stenge han. Metoden Eupalinos nytta med å bruke to grupper som møttest på midten under fjellet er dokumentert av Hermann J. Kienast og andre forskarar. Med ei lengd på 1 036 meter vert Eupalinos sin underjordiske akvedukt rekna som eit av dei store meisterverka innan ingeniørkunst i antikken. Akvedukten er i dag ein del av Pythagoreion, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Persarkrigane og persisk styre endre

Etter Polykrates døydde vart Sámos hardt råka då det persiske Akamenide-dynastiet erobra og delvis avfolka øya. Ho hadde fått tilbake mykje av styrken sin då dei i 499 fvt. vart med i eit opprør blant dei joniske bystatane mot Persia, men på grunn av den langvarige sjalusien mot Milet gav ho berre middels motstand. Under det avgjerande slaget ved Lade (494 fvt.) var delar av dei seksti skipa skuldig i regelrett forrærderi. I 479 fvt. leia Sámos eit opprør mot Persia.

Peloponnesarkrigen endre

Under peloponnesarkrigen (431 fvt.404 fvt.) tok Sámos Aten si side mot Sparta, og lét den atenske flåten få nytte hamna si. I Det atenske sjøforbundet hadde dei spesielle privilegium og var aktivt lojal mot Aten fram til 440 fvt. då atenarane gjekk imot dei under ein krangel med Milet, og Sámos trekte seg ut av sjøforbundet. Med ein flåte på seksti skip heldt dei lenge ut mot den store atenske flåten leia av Perikles sjølv, men etter ein langvarig omleiring vart dei tvungen til å kapitulere. Sámos vart straffa, men i følgje Thukydides ikkje like hardt som andre statar som gjorde opprør mot Aten. Dei fleste andre statane måtte betale tributt til Aten, medan Sámos berre måtte betale for skadane opprøret hadde kosta atenarane. Prisen var 1 300 talentar som skulle betalst tilbake med 50 talentar per år.

Mot slutten av peloponnesarkrigen stod Sámos fram som ein av dei mest lojale statane til Aten. Ho fungerte som base for Aten under sjøkrigen mot peloponnesarane og som mellombels heim for det atenske demokratiet under revolusjonen til Dei fire hundre i Aten i 411 fvt. Den venlege innstillinga til Aten kom etter ei rekkje politiske revolusjonar som enda med opprettinga av demokratiet. Etter Atens fall vart Sámos omleira av Lysander og igjen plassert under eit oligarki.

I 394 fvt. trekte den spartanske marinen seg tilbake og øya erklærte seg sjølvstendig og gjenoppretta eit demokrati, men etter freden ved Antalkidas (387 fvt.) kom ho igjen under persisk dominans. Ho vart sett fri igjen av atenarane i 366 fvt. etter ei omleiring på elleve månadar, og fekk tilsend ei stor gruppe militære kolonistar, klerukharar, som viste seg å vere svært viktig under alliansekrigen (357-355 fvt.). Etter krigen på Sámos i 322 fvt. vart Aten fråskild frå Sámos og ein kan ikkje lenger følgje omskiftingane på øya.

Kjende personar frå Sámos i antikken endre

Den kanskje mest kjende personen som kom frå Sámos var Pythagoras, og ein slave som høyrte til Iadmon med namn Æsop, som er kjend for Æsop sine fablar. Ein finn namnet på Pythagoras og figuren hans på myntar frå romartida. I 1955 vart byen Tigani gjeve namnet Pythagoreio til ære for den kjende matematikaren.

Andre kjende personar var filosofen Epikuros. Astronomen Aristarkhos av Sámos, som var den første til å skildre ein heliosentrisk modell av solsystemet levde òg på Sámos. Den kjende historikaren Herodotos budde på Sámos ei stund.

Den hellenistiske perioden endre

I ein periode (om lag 275-270 fvt.) var Sámos base for den egyptiske flåten til Ptolemeardynastiet

I 189 fvt. vart ho overført av romarane til vasallen deira, Attalid-dynastiet sitt hellenistiske kongedøme Pergamom i Litleasia.

Romartida endre

Frå år 133 fvt. vart Sámos ein del av den romerske provinsen Asia, og ho tok Aristonikos (132 fvt.) og Mithradates (88 fvt.) sine sider mot overherren, og dette førte til at dei ikkje fekk sjølvstyre, som ho berre ei kort stund hadde mellom regjeringstida til Augustus og Vespasian. Likevel hadde Sámos ein viss vekst og klarte å konkurrere med Smyrna og Efesos om tittelen som den fremste byen i Jonia. Ho gjorde seg mest utmerka som ein kurstad og for produksjonen av keramikk.

Etter keisar Diocletian sitt tetrarki vart ho ein del av Provincia Insularum, i bispedømet Asiana i det pretorianske prefekturet Oriens.

Den austromerske og genuesiske perioden endre

Som del av Austromarriket vart Sámos leiar for themet (militærdistrikt) i Egearhavet. Etter 1200-talet gjekk ho gjennom mange av dei same endringane som Khíos og begge vart eigedom for den genuesiske familien Giustiniani (1346-1566).

Osmansk styre endre

Frå 1533 kom Sámos inn under Det osmanske riket, og i løpet av dei første åra flytta dei fleste innbyggjarane på Sámos frå øya. Dei som vart verande igjen heldt seg i små landsbyar i fjella, og gøymde seg der frå sjørøvarar og andre inntrengarar. Rundt 1600-talet fekk Sámos privilegium som gav dei delvis sjølvstyre. Mange grekarar med familiær tilknyting til Sámos frå gresktalande område slo seg ned på øya. Landsbyen Mytilinií vart til dømes busett med folk frå øya Mytilíni. Andre nybyggjarar kom reisande frå provinsar på fastlandet av Hellas og så langt borte frå som Albania.

Sámos, (osmansk tyrkisk: سيسام Sisam) høyrte til elayet Djeza'ir-i Bahr-i Sefid fram til 1832.

Under den greske sjølvstendekrigen hadde Sámos ei framtredande rolle og danna ei revolusjonsregjering.

Det var i sundet mellom øya og Tyrkia at Kanaris sette fyr på og sprengde ein tyrkisk fregatt føre augo på hæren som hadde samla seg for å invadere øya. Dette førte til at hæren drog bort frå området og Sámos vart verande sjølvstendig fram til slutten av krigen. Etter freden vart øya derimot gjeve tilbake til tyrkarane.

Etter fleire opprør var ho frå 1835 sjølvstyrt og betalte berre ein årleg skatt til Tyrkia.

Den moderne hovudbyen på øya var, fram til tidleg på 1900-talet, ein landsby kalla Khóra, om lag 3 km frå sjøen og frå den antikke hovudbyen. Etter at dei politiske forholda endra seg på Sámos vart hovudbyen flytta til Vathý i ei djup bukt på nordsida av øya.

Frigjeving og nyare historie endre

Folkesetnadane på øya hadde lenge ønska å slå seg saman med Hellas, men fekk først ønsket oppfylt i 1913 då ho vart ein del av Hellas etter balkankrigane.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Karlóvasi Vest-Sámos 6 708
Sámos by Aust-Sámos 6 191
Mytilinií Aust-Sámos 1 982
Vathý Aust-Sámos 1 888
Pythagório Aust-Sámos 1 272
Khóra Aust-Sámos 1 218
Marathókambos Vest-Sámos 1 069
Kokkári Aust-Sámos 1 060

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

  • Westermann, Großer Atlass zur Weltgeschichte
  • WorldStatesmen- Greece
  • Klassiske forfattarar:

    Moderne forfattarar:

    • T. Panofka, Res Samiorum (Berlin, 1822).
    • V. Guérin, Description de l'île de Patmos et de l'île de Samos (Paris, 1856).
    • P. Gardner, Samos and Samian Coins (London, 1882).
    • C. Curtius, Urkunden zur Geschichte von Samos (Wesel, 1873).
    • B. V. Head, Historia Numorum (Oxford, 1887), pp. 515–518.
    • H. F. Tozer, Islands of the Aegean (London, 1890).
    • J. Boehlau, Aus ionischen and italischen Nekropolen (Leipzig, 1898). (E. H. B.; M. 0. B. C.; E. Ga.).
    • L. E. Hicks and G. F. Hill, Greek Historical Inscriptions (Oxford, 1901), No. 81.
    • J. P. Barron, The Silver Coins of Samos (London, 1966).
    • R. Tölle-Kastenbein, Herodot und Samos (Bochum, 1976).
    • H. Walter, Das Heraion von Samos (München, 1976).
    • H. Kyrieleis, Führer durch das Heraion von Samos (Athen, 1981).
    • T. J. Quinn, Athens and Samos, Chios and Lesbos (Manchester, 1981).
    • G. Shipley, A History of Samos 800–188 BC (Oxford, 1987).
    • K. Hallof and A. P. Matthaiou (eds), Inscriptiones Chii et Sami cum Corassiis Icariaque (Inscriptiones Graecae, xii. 6. 1–2). 2 vols. Berolini–Novi Eboraci: de Gruyter.
    • K. Tsakos, Samos: A Guide to the History and Archaeology (Athens, 2003).