Khan Yunis (arabisk skrift خان يونس, òg skrive Khan Younis eller Khan Yunus; omsetjing 'Yunis karavanserai') er ein by sør på Gazastripa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Khan Yunis eit folketal på 142 637 i 2007, 202 000 i 2010 og 350 000 i 2012.[1]

Khan Yunis
خان يونس
kommune
Namneopphav: Yunis karavanserai
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Khan Yunis guvernement
Koordinatar 31°20′40″N 34°18′11″E / 31.34444°N 34.30306°E / 31.34444; 34.30306
Areal 54,56 km²
Folketal 142 637  (2007)[1]
Folketettleik 2 614 / km²
Grunnlagd 1387
Borgarmeister Muhammad Jawad Abd al-Khaliq al-Farra
Kart
Khan Yunis
31°20′38″N 34°18′09″E / 31.343889°N 34.3025°E / 31.343889; 34.3025
Wikimedia Commons: Khan Yunis
Nettstad: www.khanyounis.mun.ps

Sjølv om Khan Yunis berre ligg 4 km aust for Middelhavet, er klimaet halvtørt med temperaturar over 30 grader Celsius om sommaren og 10 grader Celsius om vinteren. Årsnedbøren er kring 260 mm.

Historie endre

 
Den sørlege delen av den historiske khan i Khan Yunis, 1930-åra

Mamelukkane endre

Før 1300-talet var Khan Yunis ein landsby kalla «Salqah».[2] For å verne karavanar, pilegrimar og reisande, vart det bygd ein stor khan («karavanserai») der av emir Yunus al-Nûrûzi i 1387-88. Khanen og byen som voks opp kring denne vart kalla «Khan Yunis» etter han. I 1389 vart Yunus drepen i eit slag.[3] Byen vart eit viktig handelssenter, og marknaden kvar torsdag trekte til seg kjøpmenn frå naboregionar.[4]

Osmansk tid endre

Seint i 1516 var Khan Yunis åstad for det mindre slaget der dei Egypt-baserte mamelukkane vart slått av osmanske styrkar, leia av Sinan Pasha. Den osmanske sultanen Selim I kom så til området, der han leia den osmanske hæren over Sinaihalvøya for å erobre Egypt.[5]

På 1600- og 1700-talet sende osmanarane ein Azeban-garnison frå Kairo citadel for å halde vakt i borga i Khan Yunis.[6]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Khan Yunis. Han skreiv at staden hadde kring tusen innbyggjarar, og at det voks mange frukttre, særleg aprikos, i nærleiken.[7]

Moderne tid endre

Natt til 31. august 1955, gjekk tre israelske fallskjermkompani til åtak på det britiskbygde Tegart-fortet i Khan Yunis. Dette hadde blitt utført fleire åtak mot israelarar frå dette fortet. Politistasjonen, ein bensinstasjon og fleire bygningar i landsbyen Abasan vart øydelagd, i tillegg til jernbanespor og telegrafstolpar. I dei kraftige kampane mista 72 egyptiske soldatar livet. Ein israelsk soldat vart drepen og 17 skadde. Operasjonen førte til ein våpenkvile den 4. september.[8]

Før Suezkrisa vart Khan Yunis offisielt administrert av All-Palestina-styret, som sat i Gaza og seinare i Kairo. Etter harde kampar braut israelarane gjennom forsvarslinja utafor Khan Yunis.[9] Det var den einaste staden på Gazastripa der den egyptiske hæren ytte motstand mot den isarelske invasjonen av Gaza, men dei overgav seg den 3. november 1956.

Israel har sagt at palestinarar vart drepne under kampane mot egyptarane, medan palestinarar hevdar at uvæpna sivile vart drepne då israelske soldatar søkte gjennom byen etter væpna personar.[10]

Etter 1959 vart All-Palestinas-styret på Gazastripa avskaffa og byen vart ein del av Den sameinte arabiske republikken, som vart nedlagt kort tid etter, og Gazastripa vart direkte underlagt egyptisk militært okkupasjonsstyre.

I 1967, under seksdagarskrigen, okkuperte Israel Khan Yunis igjen.

Palestinsk kontroll endre

Etter Osloavtalen kom Khan Yunis under Den palestinske sjølvstyresmakta sin kontroll.

Khan Yunis var åstad for israelske helikopteråtak i august 2001 og oktober 2002, då fleire sivile vart drepne og hundrevis skadde, medan sivile bygg i nærleiken vart øydelagde. Dette var kjend som ein tilfluktsstad for Hamas.[11]

Den 16. desember 2004 gjekk det israelske forsvaret inn i byen med pansra bulldosarar og stridsvogner for å stoppe bombekastarar som bombarderte israelske byar. I seks veker før operasjonen hadde kring 80 granatar og Qassam-rakettar råka Gush Katif-området. Khan Yunis har vore mål for mange raid av det israelske forsvaret og det har vore kraftige kampar i området. I 2005 prøvde Israel å isolere området, men mislukkast då Hamas gav dei motstand.

I 2006 tok Hamas makta på Gazastripa i eit blodig kupp. Hamas innførte islamske lover og utnytta tilbaketrekkinga til Israel. Over 2 000 Qassam-rakettar vart sendte opp frå Khan Yunis mot Israel, hovudsakleg mot den sørisraelske byen Sderot. Desse åtaka var ein del av årsaka til at Israel gjekk til krig i 2006 med Gazakrigen.

Venskapsbyar endre

Khan Yunis er venskapsby med følgjande byar:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). 2009. s. 63.
  2. Sharon, 1999, s. 228
  3. Sharon, 1999, s. 229
  4. Abu-Khalaf, Marwan. Khan Younis City. El-Agha. July 2002.
  5. Pitcher, s. 105.
  6. Hathaway, 2002, s. 38.
  7. Guérin, 1869, s.226 ff, s. 249-250, s. 251
  8. Israel's reprisal policy, 1953-1956: the dynamics of military retaliation By Zeʼev Derori. s.142
  9. Varble, Derek The Suez Crisis 1956, Osprey: London, 2003 page 46.
  10. Joe Sacco produces comics from the hot zones. New York Times.
  11. Guardian

Bakgrunnsstoff endre