Khezri eller khazri (aserbajdsjansk Xəzri) er namnet på ein kald nordavind i Kaspihavet som bles over Absjeronhalvøya og særleg Baku gjennom heile året. Khazri er ein kystvind og ein av dei rådande vindane i området.

Vinden opptrer om lag kvar 3-7 dag året gjennom i samband med trykkstigning vest for Kaspihavet. Jo raskare trykket stig, jo kraftigare vert som regel vinden. Dei høge Kaukasusfjella er ei hindring for lufta som kjem frå nord, og ein får ein hjørneeffekt kring Absjeronhalvøya, der Baku ligg, på liknande måte som ein får ved Stad i Noreg. Vinden når som regel minst liten kuling, men kan ofte verte kraftigare og stundom nå 40 m/s (orkan styrke),[1] som kan føre til skadar. Om sommaren fører derimot vinden til meir behagelege temperaturar i området.

Sjå òg endre

Kjelder endre