Khrustalnyj
Khrustalnyj eller Krasnyj Lutsj er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Byen har kring 90 000 innbyggjarar (2005).[1] Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Khrustalnyi, Krasnyj Lutsj ukrainsk Хрустальний, Красний Луч russisk Хрустальный, Красный Луч | |||
by | |||
Styrebygningen i Khrustalnyj
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Luhansk oblast | ||
Koordinatar | 48°08′N 38°56′E / 48.133°N 38.933°E | ||
Areal | 153,56 km² | ||
Folketal | 89 688 (2005) | ||
Folketettleik | 584 / km² | ||
Grunnlagd | 1895 | ||
• Bystatus | 1926 | ||
Khrustalnyj 48°07′17″N 38°56′43″E / 48.121388888889°N 38.945277777778°E | |||
Kart som viser Khrustalnyj.
| |||
Wikimedia Commons: Khrustalnyi |
Historie
endreByen vart grunnlagd som Krindatsjovka[2] på slutten av 1800-talet[3][4] og fekk namnet Krasnyj Lutsj ('raud bjelke') i desember 1920. Han fekk bystatus i 1926.[3][4] Byen vart eit viktig senter for kolgruvedrift i Donetsbekkenet.[2][3]
Byen var under tysk okkupasjon frå juni 1942 til september 1943.[3] Jødar som budde her og andre offer, som kommunistar, blei drepne og kasta ned i Bogdan kolgruve. Totalt blei rundt 2 000 menneske drepne.[5]
I januar 1965 hadde byen eit folketal på 101 000.[6] I januar 1989 var folketalet 113 278.[7] Byen haddde ei viktig rolle i kolgruvedrift, med fleire industrianlegg og ein jernbanestasjon.[2]
I januar 2013 var folketalet i byen 82 765.[8]
Sidan våren 2014 har byen vore kontrollert av den sjølverklærte Folkerepublikken Luhansk.[9]
Under avkommuniseringslovar vedtekne i Ukrain blei byen omdøypt til Khrustalnyj av det ukrainske parlamentet den 12. mai 2016.[10][11] Omnemninga fekk ikkje praktisk tyding, ettersom byen ikkje var under ukrainsk kontroll.[9]
Folketsetnad
endreVed folketeljinga i 2001 var innbyggjarane fordelt på følgjande folkegrupper:[12]
- Ethnicity
- Ukrainarar: 49,2 %
- Russarar: 46,1 %
- Kviterussarar: 1,1 %
- Språk
- Russisk: 87,8 %
- Ukrainsk: 10,4 %
- Armensk: 0,2 %
- Kviterussisk: 0,1 %
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krasnyi Luch» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.britannica.com/EBchecked/topic/323303/Krasnyy-Luch
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Krasny Luch, also spelled Krasnyi Luch // The New Encyclopedia Britannica. 15th edition. Micropaedia. Vol.7. Chicago, 1994. page 1
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Красный Луч // Большая Российская Энциклопедия / редколл., гл. ред. Ю. С. Осипов. том 15. М., научное издательство "Большая Российская Энциклопедия", 2010. стр.647
- ↑ 4,0 4,1 Красный Луч // Большой энциклопедический словарь (в 2-х тт.). / редколл., гл. ред. А. М. Прохоров. том 1. М., "Советская энциклопедия", 1991. стр.648
- ↑ «YAHAD - IN UNUM». yahadmap.org. Henta 11. april 2018.
- ↑ В. П. Коленский. Красный Луч: путеводитель. Донецк, "Донбасс", 1966. стр.4
- ↑ Всесоюзная перепись населения 1989 г. Численность городского населения союзных республик, их территориальных единиц, городских поселений и городских районов по полу
- ↑ Чисельність наявного населення України на 1 січня 2013 року. Державна служба статистики України. Київ, 2013. стор.73 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2013, henta 22. juni 2021
- ↑ 9,0 9,1 «Численность населения по состоянию на 1 октября 2015 года по Луганской Народной Республ ике» (PDF) (på russisk). Folkerepublikken Lugansk. Arkivert frå originalen (PDF) 4 February 2016. Henta 21. desember 2015.
- ↑ Goodbye, Lenin: Ukraine moves to ban communist symbols, BBC News (14. april 2015)
- ↑ http://en.interfax.com.ua/news/general/342825.html
- ↑ «Офіційна сторінка Всеукраїнського перепису населення». www.ukrcensus.gov.ua. Henta 11. april 2018.