Kiandra i New South Wales
Kiandra er ein tidlegare gullgravarby i New South Wales og fødestaden til skisport i Australia. Den tidlegare byen ligg i Snowy Mountains i Snowy Monaro Regional Council innanfor grensa av Kosciuszko nasjonalpark. Namnet er ei forvrenging av aboriginarordet Gianderra for 'skarpe steinar til knivar'. Han blei tidlegare kalla Gibson's Plains etter doktor Gibson, ein nybyggjar i distriktet i 1839.[1] I eit hundreår, fram til skipinga av Cabramurra, var Kiandra den høgaste byen i Australia.
Kiandra | |||
by | |||
Den tidlegare krambua i Kiandra
| |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Stat | New South Wales | ||
Distrikt | Snowy Monaro Regional Council | ||
Høgd | 1 400 m | ||
Kiandra i New South Wales 35°52′44″S 148°29′39″E / 35.878888888889°S 148.4941667°E | |||
Wikimedia Commons: Kiandra, New South Wales |
Kiandra ligg rundt 9 mil nordvest for Cooma langs Snowy Mountains Highway, mellom Adaminaby og Talbingo. Han ligg 1400 moh. på ein høg, trelaus fjelrygg, ved breidda av Eucumbene-elva. Staden er snødekt om vinteren og utsett for sterk vind. I 1861 introduserte tre norske gruvearbeidarar ski til staden, og skipa den første skiklubben i Australia.
Etter tiår med forfall byrja ein i 2009 å restaurera bygningane som er att i Kiandra.[2]
Historie
endreGullrush
endreI november 1859 blei det oppdaga gull i området av Pollock-brørne, som gjeta kyr her. I løpet av få månader hadde 10 000 gullgravarar og handelsfolk strøymd til staden. Det blei funne meir gull, mellom anna ein klump på 9 kg i elveslam ved åsen som blei kjend som New Chum Hill. Kiandra postkontor opna 1. juni 1860,[3] og ein reknar med at området på høgda hadde rundt 15 000 innbyggjarar, 25 butikkar, 13 bakarar, 16 slaktarar, 14 pubar, fleire bankar og fire smedar.[4][5] Men allereie i 1861 rapporterte Sydney Morning Herald om at mengder av folk forlét byen, og at alt det lett tilgjengelege gullet var funne.[6] Dei siste gruveoperasjonane blei avslutta rundt 1905. Den totale produksjonen i følgje offisielle tal var 48 676 kg gull.[6]
Ein stor mengd kinesarar arbeidde i området. Kinesiske gullgravarar bygde demningen Three Mile Dam i 1882. Demningsjøen finst framleis, og blir no nytta av Selwyn Snowfields til snømaking.
I 1890 blei det andre tinghuset bygd i byen. Bygningen inneheldt også politiceller, og blei mest brukt som politihus. Det blei verande politisasjon for Kiandra fram til 1937, og blei seinare omgjort til overnattingsstaden Kiandra Chalet.[4]
Skisport
endreKiandra blei ofte isolert av djup snø om vinteren. I 1861 introduserte gullgravarar frå Noreg bruken av ski til området. The Manaro Mercury rapporterte 29. juli 1861 om at ungdom kleiv opp i åsane ved Kiambra og kom farande ned i høg fart på ski.[7] Ifølgje Øystein Molstad Andresen blei det halde årlege «ski carnival» ved Kiandra frå 1860-åra av.[8] Kiandra Snow Shoe Club fører røtene sine tilbake til denne tida, og reknar seg sjølv som den eldste skiklubben i verda som framleis er i drift.[9] I dag er han blitt til Kiandra Pioneer Ski Club ved Perisher Ski Resort i Perisher Valley.[10] Klubben heldt det som kanskje var den første internasjonale skitevling i 1908.[11]
Kiandra tinghus eller politistasjon blei stengd i 1937. Ei stund var det ein privatbustad før det blei gjort om til Kiandra Chalet, og frå 1953 Kiandra Chalet Hotel,[4] Eigaren av staden dreiv ein skiheis. Hotellet blei stengd i 1973 og blei gjort om til ein lagerbygning for vegvesenet.[12]
Den første skiheisen med T-forma sete i Australia blei installert på Township Hill i 1957, men i 1978 blei skiheisane flytta frå Kiandra til Selwyn Snowfields i nærleiken.[13] Heisen med T-forma sete var i bruk på Selwyn-fjellet fram til 2009, då han blei erstatta av ein stolheis. Namnet på heisen, Township Triple Chair, viste tilbake til Kiandra Township.
Området i dag
endreDen siste fastbuande forlét Kiandra i 1974. National Parks and Wildlife Service i New South Wales tok over byen og reiv dei fleste av bygningane som stod att. Avgjerda om å riva dei fleste bygga og ikkje ta vare på kulturhistoria har ført til ein del vedvarande sinne. Det finst likevel ein del leivningar etter gruvehistoria, som gruveutstyr, forlatne gruver og gravstader.
Dei gjenvernade bygningane i Kiandra har høg historisk verdi, og det er laga vandreruter der ein kan følgja den tidlegare byplanen og finna stader knytt til den gamle byen. Den viktigaste gjenverande bygningen er det tidlegare tinghuset frå 1890, som blei delvis restaurert i 2010 for bruk som eit formidlingssenter.[4] Dei seinare tilbygga på baksida av bygningen er ikkje blitt restaurerte, men National Parks har planar om gradvis restaurering som skal ta vare på dei ulike periodane og bruksområda til bygningen.[14]
I 2012 fekk Kiandra ein offentleg overnattingsstad att då den restaurerte Wolgal Lodge opna. Dette var opphavleg ei fiskehytte frå 1960-åra.[15]
I påsken 2013 var alle dei fire gjenverande bygningane i Kiandra i bruk for den første gongen på fleire tiår. I tillegg til guide-turar var det utstillingar her, mellom anna i Matthew's Cottage exhibition og i Pattinson's cottage house museum.[16]
Kjelder
endre- ↑ Kiandra, Geographical Names Register (GNR) of NSW. Geographical Names Board of New South Wales., arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 4. august 2013
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2. februar 2014, henta 31. desember 2017
- ↑ Brown, Alan G. and Campbell, Hugh M. (1963) New South Wales Numeral Cancellations Victoria: The Royal Philatelic Society of Victoria, Australia, and London: Robson Lowe Ltd.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 http://www.coomaexpress.com.au/news/local/news/general/kiandra-landmark-brought-back-to-life/1463598.aspx
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. september 2009, henta 31. desember 2017
- ↑ 6,0 6,1 «Guide to Kiandra in NSW». Arkivert frå originalen 31. oktober 2010. Henta 17. desember 2017.
- ↑ Kjærnsli, Rolf (2000). Birkebeinerrennet 1996-2000 – langs kongesporet over fjellet. Lillehammer: Thorsrud.
- ↑ Andresen, Øystein Molstad (1988). Røtter. Emigranthistorie i sytten brev. Norsk utvandring til Australia og New Zealand gjennom 200 år. Oslo: Ansgar. s. 39. ISBN 8250308131.
- ↑ Neubauer, Ian Lloyd (25. august 2011). «The Long Run: Australia's Storied Ski Heaven». Time (Time, Inc.). Henta 27. desember 2015.
- ↑ Clarke, Norman W. (2011). World's First Alpine Ski Club. Norman W. Clarke. s. 22. ISBN 978-0-646-56587-3.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 7. september 2009. Henta 20. juli 2009.
- ↑ «Kiandra». The Sydney Morning Herald. 8 February 2004.
- ↑ http://www.selwynsnow.com.au/templates/sel/page/page_html_standard.php?secID=69
- ↑ http://www.environment.nsw.gov.au/media/DecMedia10060204.htm
- ↑ http://www.snowytimes.com/picnic-with-the-past-by-pauline-downing/
- ↑ http://www.canberra100.com.au/calendar/view/1387/four-buildings-one-positive-future/
- Denne artikkelen bygger på «Kiandra, New South Wales» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Mini-documentary on Skiing Kiandra
- Short film about the Kiandra Project from the New South Wales National Parks and Wildlife Service.
- Kiandra
- The Chinese of Kiandra Arkivert 2005-06-24 ved Wayback Machine.
- Ski in Kiandra 1860 - old pictures
- Google Map of Kiandra
- Kiandra Historical Society
- History of Selwyn Snowfields
- Sydney Morning Herald Travel Article Arkivert 2010-10-31 ved Wayback Machine.
- Kiandra Places to See, Sydney Morning Herald
- Monaro Pioneers
- Barcroft Boake poems of Kiandra and surrounds Arkivert 2017-11-21 ved Wayback Machine.
- Bureau of Meteorolgy, Kiandra Chalet Station