Kibbutz

(Omdirigert frå Kibbutzar)

Kibbutz (hebraisk קיבוץ‎, fleirtal קיבוצים, kibbutzim; bokstaveleg 'samling' eller 'felles') er eit israelsk kollektivt samfunn. Sjølv om andre land har hatt liknande kollektiv, så har få frivillige kollektiv spela ei så viktig rolle som i Israel. Kollektiva er ofte prega av ein sosialistisk ideologi.

Frå ein kibbutz på 1940- eller 1950-talet.

Bakgrunnen til kibbutzrørsla endre

Den andre bølgja av innvandring til det dåverande Palestina bestod til skilnad frå den første ikkje av strengt religiøse jødar, men av austeuropeiske jødar som i byrjinga av 1900-talet flykta frå pogromar. Ein del av det noverande Israel var på denne tida øydemark. Dei nye immigrantane valde å organisere kollektive jordbruk, kibbutzar, for å dyrke opp jorda. I takt med at talet på jødar i området auka, blei talet på kibbutzar òg større. Etter staten Israel var oppretta i 1948 fekk kibbutzane ei viktig rolle i forsvaret av staten Israel, sidan dei ofte låg i grenselandet mot dei arabiske områda eller nabolanda.

Livet på ein kibbutz endre

Livet på ein kibbutz er prega av sosialistiske ideal, med like løner for alle. Dei driv mest med jordbruk, men etter kvart har fleire av dei starta ulike fabrikkar og satsar på turisme. Det kollektive livet har òg endra seg noko, særleg dette med felles ansvar for alle barn. I moderne kibbutzar er det gjerne kjernefamiliar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kibbutz