David Allan «Kid» Jensen (fødd 4. juli 1950) er ein kanadiskfødd, britisk radio-DJ og TV-programleiar. Jensen vart fødd i Victoria i British Columbia og byrja som radio-DJ på Radio Luxembourg. Jensen var seinare programleiar for BBC frå 1976 til 1984, som programleiar på BBC Radio 1 og programleiar på TV-musikkprogrammet Top of the Pops frå 1977 til 1984. Jensen har òg vore programleiar for mellom anna Capital FM og ITV.

Kid Jensen
Verkeleg namn David Allan Jensen
Nasjonalitet Kanadisk
Britisk
Statsborgarskap Danmark, Storbritannia, Canada
Fødd 4. juli 1950 (73 år)
Victoria i British Columbia i Canada
Yrke DJ
Radioprogramleiar
Aktive år Sidan 1968
Språk engelsk

Kjelder endre