Kikhoste er ein akutt og smittsam infeksjonssjukdom som syner seg som ein katarr i luftvegane. Symptom er rier med hoste og ei djup, vanskeleg og pipande innanding (kiking). Det er bakterien Bordetella pertussis som gjev opphav til sjukdomen.[1] Tida frå smitta til sjukdomen bryt ut (inkubasjonstida) er vanlegvis mellom 1 og 2 veker.

Kikhoste

Hostande gut med kikhoste.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:033
ICD-10-kode:A37
DiseasesDB1523
MedlinePlus001561
eMedicineemerg/394 ped/1778
MeSHD014917
MeSHD014917

Historie endre

Før utviklinga av behandling med antibiotika var kikhoste ein av grunnane til stor barnedøydelegheit. Den første kjende skildringa av sjukdommen blei utført av den franske legen Guillaume Baillou (1538–1616).[1]

I 1997/98 hadde Noreg eitt av dei største utbrota av kikhoste på fleire tiår. Årsaka til utbrotet er ikkje heilt viss. Dei fleste som vart sjuke, var i aldersgruppa 2-19 år. I 2004 hadde Noreg den høgaste førekomsten av kikhoste i Europa, med ein førekomst på 168 per 100 000 innbyggjarar.[2]

Sjukdomsteikn endre

Sjukdomen startar med moderat feber, forkjølelse og tørrhoste om natta. Desse symptoma kan vara 1-2 veker. Deretter byrjar pasienten å hosta, ofte og i seriar. Hosta kjem raskt etter kvarandre.

Sidan hosten kjem så tett, får barn vanskeleg for å pusta inn under anfallet. Dei får åndenød, vert redde og kan få blåleg andletsfarge. Når hostinga gjev seg, kan pasienten byrja å pusta raskt og djupt, og få kiking (pipande lydar under innpustinga), og eventuelt brekkingar. Hosten kan vara i 2-6 veker.[treng kjelde]

Behandling endre

Ved mistanke om kikhoste, bør ein kontakta lækjar. Lækjaren kan vurdera om det verkeleg dreier seg om kikhoste ved å undersøkja den sjuke og ved å ta bakterieprøver frå halsen og eventuelt ei blodprøve. Viss diagnosen vert stadfesta eller er veldig sannsynleg, får pasienten eit antibiotikum, vanlegvis erytromycin. Det hindrar smittespreiing og forkortar sjukdomen litt. Den sjuke er vanlegvis smitteberande i fem dagar etter at behandlinga starta, og barn bør vera heime frå barnehage eller skule i denne tida. Barn under 1 år og svært sjuke born må vanlegvis behandlast på sjukehus.

Lækjaren vil òg vurdera om andre born i nærmiljøet kan smittast. Viss smitteutsette born ikkje er fullt vaksinerte mot kikhoste, kan det vera aktuelt med ein ny vaksinedose. Smitteutsette spedbarn får som regel førebyggjande behandling med erytromycin.

Vaksine endre

Barnevaksinasjonsprogrammet inneheld vaksine mot kikhoste. Born får vaksinen ved 3, 5 og 11-12 månaders alder. Fordi vaksineeffekten avtek etter rundt 5 år, er det frå 2006 innført ein 4. vaksinedose til skulebarn i 1. klasse.[3]

Dei aller fleste born er vaksinerte mot kikhoste før dei fyllar 1 år (kombinasjonsvaksine: difteri-tetanus-kikhoste-polio + Hib). Som følgje av vaksineringa er kikhoste i dag langt sjeldnare enn tidlegare, men frå 1997 har det vore ein epidemi i landet vårt med 2000-3000 melde tilfelle årleg. Sjukdomen finst i alle aldersgrupper.

Det er som regel born som ikkje er vaksinerte som får kikhoste blant småborna. Men vaksinen gjev heller ikkje fullt vern. Har ein vore utsett for smitta, er det difor mogleg å utvikla sjukdomen. Som regel får dei som er vaksinerte ei mildare form av sjukdomen som kan vera vanskelegare å kjenna igjen.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Sverre O. Lie, «kikhoste», Store medisinske leksikon 
  2. NTB (9. august 2007). «Kikhoste blant barn øker». Aftenposten.no. Henta 9. august 2007. 
  3. 3,0 3,1 «Kikhoste». Pasienthåndboka.no. Arkivert frå originalen 6. april 2010. Henta 9. august 2007. 

Bakgrunnsstoff endre