Kilereimvariator

Kilereimvariator ein mekanisk transmisjon med variabel utveksling. Variatoren har to akslingar men kvar si kilereimskive. For å endra utvekslingsforhold vert avstanden mellom dei to skivene endra på den eine akslingen, slik at diameteren endra seg. Skivene på den andre akslingen er fjørbelasta, så avstanden mellom skivene tilpassar seg automatisk strekket i reima når skivediameteren på den andre akslingen vert endra. På den måten kan omsetningsforhaldet endrast trinnlaust under belastning.

Kilereimmariator.
Kilereimvariatorar på personbil.

BruksområdeEndra

Typiske bruksområde er i transmisjonen på skurtreskarar, hagetraktorar, skuterar, snøskutarar, små terrengbilar, boremaskiner, osb. Dei har òg vore nytta som kraftoverføring i personbilar. DAF er spesielt kjent for å nytta kilreimsvariator, men mange andre personbilar, som Ford, Honda, Nissan, Audi, har nytta kilerimvariator i nokre modellar.

Sjå ògEndra