Girkasse
Girkasse er ei mekanisk innretning for å endra utvekslingsforholdet mellom to akslingar, reimskiver, eller liknande.
Dei fleste motorkøyretøy har ei eller anna form for girkasse. Dei fleste girkassar er mekaniske og utvekslingsforholdet vert endra ved at tannhjul med ulik diameter vert førte i inngrep med kvarandre. Dette kan skje manuelt med ei girspak, eller verta utført av ein aktuator som vert styrt manuelt eller automatiskt.
Mekaniske girkassar
endreMekaniske girkassar er den mest utbreidde typen. Dei er enkle, driftssikre og har små tap. Dei fyrste køyretøya hadde berre nokre få utvekslingsforhald. Seinare vart talet på gir utvida for at motoren skulle få høve til å arbeida med eit så gunstig turtal som mogleg. Nyttekøyretøy, som lastebilar og traktorar, som har mange gir, har to eller tre girkassar etter kvarandre. Desse var ofte organiserte som ein hovudgirkasse, eit to- eller tre-trinns høg/låg-gir og eit totrinns snøgggir, men i dag er det meir vanleg at føraren ikkje treng å tenkja så mykje på korleis girkassen er bygd opp.
Automatiske girkasser, som lenge har vore tilgjengelege på personbilar, har i det siste òg vorte tilgjeneglege på lastebilar. Opphavleg var det det nytta hydrodonamisk momentomformarar i automatkassar, men på grunn av stort tap har dei fleste produsentane gått over til servoopererte gir i konstant inngrep, med automtisk fråkopling og tilpassing av turtal ved girskifte. Det er denne typen som vert nytta på lastebilar.
Kilereimvariator er ei form for mekanisk transmisjon, der utvekslingsforholdet kan varierast trinnlaust. Dei vert ofte nytta i skurtreskar, skuterar og snøskuterar, men har og vore nytta i personbilar (DAF til dømes).
Hydrodynamiske dreiemomentforsterkarar
endreSkogsmaskinar, anleggsmaskinar og liknande er ofte utstyrte med ein hydrodynamisk dreiemomentforsterkar, i tillegg til ein mekanisk girkasse. Desse tilpassar automatisk utvekslingsforholdet etter belastninga og innfører «elastisitet» i transmisjonen. Dette høver særleg godt for terrengkøyretøy, anleggsmaskiner og liknande.
Hydrodynamisk momentforsterkarar har trinnlaust varierande utvekslingsforhold over eit visst turtalsområde, med dei har større tap enn mekaniske girkassar. Det er difor vanleg at dei kan blokkerast.
Hydrostatisk drift
endreNokre køyretøy har hydrostatisk transmisjon, som òg gjev trinnlaust utvekslingsforhold. Desse har meir tap enn mekaniske girkassar og vert helst nytta der det det viktig at utvekslingsforholdet kan regulerast trinnlaust. Moderne skurtreskarar, skogsmaskinar og anleggsmaskinar har ofte hydrostatisk transmisjon.