Killegray er ei øy i Sound of Harris i Ytre Hebridane i Skottland.

Killegray
Lokalt namn Ceileagraigh
Geografi
Killegray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°44′N 7°05′W / 57.74°N 7.08°W / 57.74; -7.08
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,76 km²

Høgaste punkt 45 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Killegray frå Ensay

Øya ligg i Sound of Harris, eit sund mellom North Uist og Harris. Killegray er om lag 2 km lang.

Sørsida av øya består nesten utelukkande djup mose. Det er betre tilhøve for dyrka mark nord på øya.[1]

Historie endre

I Rubha Claidhe nord på øya ligg ruinane av eit kapell, Teampull na h-Annait, som kan vere opphavet til namnet på øya.[2]

Øya er ikkje busett lenger, men hadde ein familie på rundt tre til fem personar frå 1861 til 1931. To menneske levde mellombels på øya under folketeljinga i 1971.

Killegray House, det einaste huset på øya, frå 1800-talet, vart renovert som feriehus i 1991.[1]

Dyreliv endre

Det grunne farvatnet rundt øya er eit rikt yngleområde for krabbe og hummar.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Historical perspective for Killegray». Gazetteer for Scotland. Henta 26. februar 2010. 
  2. 2,0 2,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.