Kilopondmeter
Kilopondmeter med symbolet kpm er ei måleining for arbeid eller energi i det tekniske einingssystemet, og er lik det arbeidet ei kraft utfører når punktet som krafta angrip i, flyttar seg 1 meter i kraftretninga, og krafta heile tida er konstant lik 1 kp. Omrekna til SI-einingar er 1 kpm = 9,80665 newtonmeter ≈ 9,81 joule.
Kjelder
endre- Kilopondmeter. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/kilopondmeter.