Kilowattime (kWh) vert ofte nytta som eining for energi. SI-eininga for energi er Joule, som svarer til eit wattsekund. Ein kWh svarer til (1000 W)(3600 s) = 3,6 MJ. Andre tilsvarande einingar: 1 MWh (ein megawattime) er eitt tusen kilowattimar; 1 GWh (ein gigawattime) er ein million kilowattimar; og 1 TWh (ein terawattime) er ein milliard kilowattimar.

Eit energimeter skaler i kWh.

Elektrisk energi levert til industrien og til privathus vert målt av fast installerte energimeter. Desse vert ofte feilaktig kalla straummålarar (elektrisk straum vert målt med eit amperemeter).

Sjå ògEndra