For innsjøen, sjå innsjoen Kilpisjärvi .

Kilpisjärvi (nordsamisk Gilbbesjávri) er ei busetnad i den nordvestre delen av Enontekis kommune i «Den finske armen» i Lappland i Finland. Staden har 86 innbyggjarar (per 20. april 2005).[1] Kilpisjärvi ligg ved Europaveg 8, like ved grensa til Noreg. Den næraste busetnaden er tettstaden Skibotn ved Storfjorden, 43 kilometer lengre vest. Det går buss frå Kilpisjärvi til blant anna Tromsø (sommarstid), Karesuando og Rovaniemi (dagleg).

Plasseringa av Kilpisjärvi i Finland.
Saana sett frå Kilpisjärvi

Plasseringa til staden ved norskegrensa gjer at grensehandel frå nordmenn er ein viktig del av økonomien i Kilpisjärvi. Det meste kjende landemerket i Kilpisjärvi er fjellet Saana, som er eit populært mål for fotturar frå staden. Kilpisjärvi naturhus ligg ved foten av Saana. Det går òg vandrestier til Halde og Treriksrøysa. Eit radioteleskopobservatorium, KAIRA, er òg her.

TriviaEndra

Leno i Röyksopps musikkvideo «Poor Leno» er frå Kilpisjärvi.

  1. www.karesuoando.se