Kilpola
Kilpola (finsk Kilpolansaari) er ei øy nordvest i Ladogasjøen. Ho er 8 km lang og 6 km brei og ligg mellom mange skjer i Lakhdenpokhskij distrikt i Republikken Karelen i Russland. Ho har brusamband til fastlandet. Ho består av granitt og er opp mot 60 meter over havet (55 meter over vassflata i innsjøen). Øya er dekt av furu. Det er fleire innsjøar på øya.
Bakgrunnsstoff
endre- Kart over Kilpola
- Kart over Kilpola
- Saarnisto, Matti & Tuulikki Grönlund (1996). Endringar av strandlinja i Ladogasjøen[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 205-215.