Opna hovudmenyen
Katedralen Notre-Dame de Chartres i Chartres er i gotisk stil, med unnatak av vestfronten, som er eldre og i romansk stil.
Den vesle kyrkja Sainte-Chapelle i Paris, med dei høge vindaugo og så å seie inga veggflater, vert rekna som perla i gotisk arkitektur.
Katedralen i Ely.
Klosteret i Batalha.
Gotisk konstruksjon
Oppdeling av veggane i arkade, triforium, og klerestorium. Strebebuane kan ein òg sjå.
Grunnplan av Laonkatedralen med rett avslutta kor og tverrskip
Grunnplan for Notre-Dame i Reims, bygginga byrja kring 1210. Koret er vorte absidalt og tverrskipa er i ferd med å forsvinna
Grunnplan for Kølnerdomen

Gotisk arkitektur eller gotikk er ein periode innan arkitektur, skulptur og målarkunst, framfor alt i kyrkje- og klosterarkitekturen og den religiøse kunsten, men òg i den verdslege arkitekturen. Gotikken dominerte det katolske Vest-Europa i mellomalderen, frå kring 1150 til kring 1550. Kan hende meir enn noko anna periode innan europeisk kunsthistorie vart gotikken basert på prinsipp for konstruksjonen av bygningane. Byggmeistrane utvikla og kombinerte spissbogar og ribbekrysskvelving på ein ny måte, og nytta kombinasjonar av utvendige pillarar og støttebogar for å take opp sidekraftene frå kvelva over kyrkjeromma. Største problemet var å få til harmoniske kryssande kvelvingar - særskilt om dei hadde ulik diameter.

Den gotiske byggjestilen vert ofte kalla spissbogestilen av di stilen er kjenneteikna av at bogar og kvelv vart gjeve ei avspissa form, i motsetnad til dei halvsirkelforma bogane og kvelva som kjenneteikna den tidlegare bygningsstilen i mellomalderen, den romanske stilen, òg kalla rundbogestilen. Eit viktig utviklingsdrag i gotikken var dessutan ideen om å gjere kyrkjebygningane og kyrkjeromma så høge som råd var, og dessutan å samle tyngdene av kvelva mest mogleg i punkter, slik at veggane kunne opnast opp og sleppe det himmelske ljoset inn i bygningane gjennom store vindaugo med fargerike glasmåleri.

Inndeling av gotikkenEndra

Vanlegvis vert byrjinga på gotikken rekna å vera 1136, då kyrkjekoret i den franske Saint Denis-kyrkja vart ombygd under leiing av abbed Suger.

Gotikken vert gjerne delt inn i tre faser:

I England er ei anna inndeling vanleg:

NygotikkEndra

I løpet av renessansen og barokken såg ein stort sett på gotikken med forakt. Interessa tok seg trass i dette opp i England på slutten av 1700-talet, og frå kring 1825 braut nygotikken fram for alvor i England. Snart spreidde han seg til alle delar av den katolske og protestantiske verda, og i dag finst nygotiske kyrkjer i alle verdsdelar.

Nokre kjende gotiske katedralarEndra

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra