Kim Ojo

nigeriansk fotballspelar

Kim Ojo (fødd 2. desember 1988) er ein nigeriansk fotballspelar som spelar for KRC Genk. Han er spiss og spelte for den norske klubben Brann til og med 2012-sesongen. Han har tidlegare spelt for Nybergsund IL og er 192 cm høg.

Kim Ojo
Personleg informasjon
Fødd 2. desember 1988 (36 år)
Fødestad Warri i Nigeria
Høgd 192 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Belgia Genk
Nummer 6
Ungdomsklubbar
Nigeria Plateau United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-07
2008-10
2011-
Nigeria Plateau United
Noreg Nybergsund
Noreg Brann
Belgia Genk

76 (37)
57 (26) [1]
2 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. april 2013

Ojo var Nybergsund sin toppskårar i 1. divisjon i tre sesongar på rad, med 10 mål i 2008, 14 mål i 2009 og 13 mål i 2010. I mai 2010 uttalte han at han ikkje var interessert i å spele for dåverande Tippeliga-leiar Tromsø, som på det tidspunktet var ute etter nye angrepsspelarar. Han ville heller spele for Inter Milan under Jose Mourinho.[2] Men 8. desember 2010 blei det klart at Ojo hadde signert kontrakt med Sportsklubben Brann. Kontrakten strekkjer seg til og med 2013-sesongen.[3]

Ojo debuterte i Tippeligaen for Brann i første serierunde i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han skåra i den kampen 1-0-målet for Brann etter 11 minutt. 2011-sesongen i Brann vart ein stor suksess for Ojo. Han spelte fast på laget og vart Brann sin toppskårar i serien, med 15 mål.

Fotnotar

endre
  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. [1]
  3. Brann.no Kim Ojo signerte for Brann, arkivert frå originalen 11. desember 2010, henta 19. mars 2011