Kimmeridge-skifer
(Omdirigert frå Kimmeridge Clay)
Kimmeridge-skifer eller Draupneskifer er ein bergart av skifer som vart danna i sein jura ved at gytje som var rik på organisk materiale vart herda. Han vart så dekt med tjukke, yngre sediment og har vorte ein viktig kjeldebergart for olje og gass i Nordsjøområdet.
Kimmeridgeleire eller Kimmeridge Clay er ein geologisk formasjon som dekker store delar av Europa. Leira er ei mørk, marin leire som vart avsett i juratida. Leira har og skiferen har namn etter landsbyen Kimmeridge på Dorset-kysten i Sør-England. I Dorset er leira òg godt kjend i Jurassic Coast der ho er del av verdsarva. Kimmeridgeleira opptrer derfrå og vidare nordaustover til East Anglia.
Kjelder
endre- Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Kimmeridge Skifer. I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/Kimmeridge-skifer.
- Askheim, Svein. (2009, 13. juni). Kimmeridge Clay. I Store norske leksikon. Henta 9. februar 2014 frå http://snl.no/Kimmeridge_Clay.