King Midas in Reverse
King Midas in Reverse Singel av The Hollies | ||
B-side |
UK: «Everything Is Sunshine» | |
---|---|---|
Utgjeve | UK: 22. september 1967 | |
Innspelt | 3 & 4. august 1967 Abbey Road Studios[1] | |
Sjanger | Psykedelisk pop | |
Lengd | 3:07 | |
Selskap | UK: Parlophone R5637 US: Epic 10234 | |
Låtskrivar(ar) | Graham Nash Allan Clarke Tony Hicks | |
Produsent | Ron Richards | |
The Hollies-kronologi | ||
«Carrie Anne» (1967) |
King Midas in Reverse | «Jennifer Eccles» (1968)
|
«King Midas in Reverse» er ein song av den britiske popgruppa The Hollies skriven av Graham Nash, men kreditert til Clarke, Nash og Hicks. Han kom ut på singel i september 1967 i september 1967 i påvente av albumet Butterfly. Songen skilde seg frå dei vanlege Hollies-songane og var sterkt inspirert av Graham Nash si reise til Amerika. Nash ønskte å ta bandet i ei ny retning, noko resten av bandet ikkje likte, og dette førte til slutt til at han slutta i bandet og flytta til USA. Singelen kom ut i Storbritannia på Parlophone (R5637) og i USA på Epic (10234). Songen vart kritikarrost, men selde dårleg for å vere ein Hollies-singel, og dei skreiv dermed den meir kommersielle songen «Jennifer Eccles» for den neste singelen deira.
Salslister
endreListe (1967) | Plassering |
---|---|
Australia (Go-Set)[2] | 17 |
Tyskland (Media Control AG)[3] | 31 |
Nederland (Den nederlandske singellista)[4] | 16 |
UK Singles (Official Charts Company)[5] | 18 |
US Billboard Hot 100[6] | 51 |
Andre songar
endre- Nash framførte songen som ein del av solodelen av konsertane sine med Crosby, Stills, Nash & Young, bandet Nash byrja i etter The Hollies. Denne kom ut i 1992 på albumet 4 Way Street.
- DCL Locomotive, ein avleggar av postpunkbandet The Cravats, gav ut ein versjon av songen 12"-singel i 1984.[7]
- The Posies spelte inn songen i 1995 for hyllestalbumet Sing Hollies in Reverse.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «King Midas in Reverse» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The 30th Anniversary Collection (CD). The Hollies. EMI Records. 1993. D 202205.
- ↑ «Go-Set Australian Charts – 22. november 1967». Pop Archives. Arkivert frå originalen 26. mars 2018. Henta 21. mars 2018.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Hollies&titel=King+Midas+In+Reverse&cat=s
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Hollies?f=379&g=Singles The Hollies Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Hollies. Prometheus Global Media.
- ↑ «DCL Locomotive – King Midas In Reverse». discogs.com. Henta 21. mars 2018.