57°31′00″N 12°41′00″E / 57.51667°N 12.68333°E / 57.51667; 12.68333 Kinna er ein svensk tettstad og centralort i Marks kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 14 555 innbyggjarar. Kinna ligg cirka 29 kilometer sørvest for Borås og 50 km søraust for Göteborg.

Den noverande tettstaden har oppstått ved at «gamle» Kinna (som blei köping i 1947) i løpet av 1970-talet voks saman med dei nærliggande tettstadene Skene og Örby. Administrativt vart Kinna nedlagt som eigen kommune i 1971, då fleire kommunar i området blei slått saman til den nye storkommunen Mark.

Folkesetnaden i tettstaden fordeler seg omtrent som følgjer mellom dei tre tidlegare tettstadene (2005):

  • Kinna 7 000 innb.
  • Skene 5 500 innb.
  • Örby 2 000 innb.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre