Kirov i Kirov oblast

by i Russland

Kirov (kyrillisk skrift Ки́ров), frå 1781 til 1934 kjend som Vjatka (kyrillisk Вятка) og før 1781 Khlynov (kyrillisk Хлынов), er ein by og administrativt senter i Kirov oblast i Russland. Byen ligg ved elva Vjatka og har om lag 460 000 innbyggjarar.

Kirov
Киров
Flagget til Kirov Byåpenet til Kirov
Flagget til Kirov Byvåpenet til Kirov


Plassering
Kirov i Kirov oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kirov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1374
1374
Borgarmeister Vladimir Bykov
Geografi
Flatevidd
 - By

757 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

466 300
  616 /km²
Koordinatar 58°36′N 46°39′E / 58.600°N 46.650°E / 58.600; 46.650
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 610000–610052
Retningsnummer (tlf) (+7)8332
Bilnummer 43
Nettstad: www.admkirov.ru/

Historie endre

Fortet Khlynov, like vest for Uralfjella, vart grunnlagt av handelsmenn frå Novgorod i 1374. Han vart første gong nemnd som by i dokument frå 1457. Khlynov vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1489. Byen vart kjent over heile Russland for sine leirstatuettar og fløyter. Det eldste gjenverande monumentet i byen er Maria himmelfarts-katedralen frå 1689, som er krona med fem kuplar.

I 1781 døypte Katarina den store Khlynov til Vjatka og gjorde byen til senter i eit eige gubernija. Byen gjorde òg teneste som eksilstad, spesielt for Aleksander Herzen og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Ved slutten av 1800-talet var han ein viktig stasjon på den transsibirske jernbanen. I desember 1934 vart byen kalla opp etter den sovjetiske leiaren Sergej Kirov, som vart myrda 1. desember.

Økonomi endre

Kirov er eit senter for maskinbygging, metallurgi, belysning, trykkeri og tømmerindustri.

Byen er eit regionalt transportknutepunkt (den transsibirske jernbanen) og elvehamn. Kirov elvehamn gjekk konkurs sist på 1990-talet og alle elvebåtane vart seld. Kirov har vore kjent i naboregionane for sine særs dårlege vegar og gater.[1]

Flyplassen til byen er Kirov Pobedilovo lufthamn. På 1990-talet var denne lufthamna stengd og i årevis var det ingen rutefly som gjekk nokon stad. Rundt 2003 prøvde fleire selskap å starte flygingar frå Kirov til Moskva og Krasnodar i sommarsesongane og frå 2006 flyr eit lokalt selskap ruta til Moskva.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kirov i Kirov oblast