Vjatka

elv i Russland
Vjatka er også det tidlegare namnet på byen Kirov

Vjatka (russisk Вятка, tatarsk Noqrat, marisk Виче, udmurtisk Ватка) er ei elv i Kirov oblast, Tatarstan og Udmurtia i Russland og ei av sideelvane til Kama frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.

Vjatka
elv
Vjatka ved Kirov
Land  Russland
Nedslagsfelt 129 000 km²
Lengd 1 314 km
Middelvassføring 95,7 /s
Kjelde Udmurtia
Munning Kama
Kart
Vjatka
58°27′08″N 52°10′03″E / 58.452111111111°N 52.1675°E / 58.452111111111; 52.1675
Nedslagsfeltet til Vjatka innanfor Volga sitt nedslagsfelt.
Nedslagsfeltet til Vjatka innanfor Volga sitt nedslagsfelt.
Nedslagsfeltet til Vjatka innanfor Volga sitt nedslagsfelt.
Wikimedia Commons: Vyatka River

Vjatka er 1314 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 129 000 km².

Vjatka spring ut frå dei nordlegaste delane av Udmurtia. Ho frys til tidleg i november og vert isfri att siste halvdel av april.

Dei største sideelvane hennar er Kobra, Letka, Velikaja, Moloma, Pizjma, Tsjeptsa, Bystritsa, Voja og Kilmez.

Vjatka er rik på fisk, mellom anna brasme, mort, suter, gjedde, åbor og gjørs.

Vjatka er farbar for skip frå munningen til byen Kirov, ei strekning på 700 km. Dei viktigaste byane langs elva er Kirov, Kotelnitsj, Sovetsk og Vjatskije Poljany.

Kjelder

endre