Kirsten Hansteen
Kirsten Moe Hansteen (5. januar 1903–17. november 1974) var ein norsk politikar (NKP) og kvinnesaksforkjempar. Ho var den første kvinnelege statsråden i Noreg.
Kirsten Hansteen | |
Fødd | 5. januar 1903 Lyngen |
Død |
17. november 1974 (71 år) |
Yrke | politikar, journalist |
Hansteen var fødd Kirsten Moe i Lyngen. Ho studerte filologi ved Universitetet i Oslo, der ho blei med i det radikale studentmiljøet. Ho gjekk inn i Mot Dag i 1927. I 1930, då ho gifta seg med advokaten Viggo Hansteen, gjekk ho over til hans parti, NKP.
Viggo Hansteen blei dømt til døden og skoten av den tyske okkupasjonsmakta i 1941, og Kirsten Hansteen blei åleinemor for tre barn. Under krigen redigerte ho likevel det illegale bladet Kvinnefronten, som ho heldt fram med til 1945. I samarbeid med Henriette Bie Lorentzen grunnla og utgav Hansteen tidsskriftet Kvinnen og tiden i 1945, og var utgjevar fram til 1955.
I 1945 vart Kirsten Hansteen konsultativ statsråd i samlingsregjeringa, den første kvinnelege statsråden i Noreg. Ho representerte Akershus på Stortinget frå 1945 til 1949. I tillegg til kvinnesak var Hansteen etter verdskrigen ein pådrivar for fredsarbeid. Ho var medlem av styret i Verdensfredsrådet, deltok på ei rekke fredskonferansar og skreiv artiklar mot våpenopprusting.