Kirsti Guvsám

norsk politikar

Kirsti Guvsám (fødd 20. august 1979) er ein norsk samisk politikar for Norske Samers Riksforbund. Ho er vald som sametingsrepresentant for perioden 2009-2013, som ho var det i 2005-2009.

Kirsti Guvsám
Kirsti Guvsám 1.jpg
Foto: Norske Samers Riksforbund
Fødd 20. august 1979 (43 år)
Fræna
Yrke politikar
Kirsti Guvsám på Commons

For perioden 2009-2013 blei Guvsám vald inn frå Valkrins 7, og er medlem i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomiteen. I perioden 2005-09 var ho representant for valkrinsen Sør-Noreg, og var medlem av Plan- og finanskomiteen og fullmaktskomiteen og varamedlem i Samisk parlamentarisk råd. Ho var fyrstekandidat på lista til Norske Samers Riksforbund i Sør-Noreg valkrins ved Sametingsvalet i 2009.[1]

I tillegg til Sametinget er Guvsám sekretær i Møre og Romsdal Sameforening, og medlem i både Teologisk nemnd og World Council of Churches. Ho er tidlegare leiar for Oslo Sameforening, og frå 2002 til 2006 var ho samisk representant i Utvalg for Ungdomsspørsmål i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja.

Kirsti Guvsám tok bachelorgrad i kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Oslo frå 2006. Ho arbeider (frå 2011) som flyktningekonsulent og er busett i Bud i Fræna kommune.[1] Ho er gift med Sindre Stabell Kulø.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra