Kiruna byforvandling

Kiruna byforvandling eller Kiruna byflytting er eit prosjekt som går ut på å flytta delar av byen Kiruna i Norrbottens län i Nord-Sverige. Grunnen til flyttinga er at gruvedrifta i Kiirunavaara har medført deformasjonar av bakken som har nærma seg byen.

Sprekker i bakken i den gamle bydelen Ön i Kiruna.

Planane om å flytta byen byrja i 2004, då det statlege gruvekompaniet LKAB sende eit brev til lokale styresmakter om at graving like ved byen kunne føra til sprekker i grunnen under lokale bygningar.[1] Flyttinga skulle gå føre seg over ei viss tid.[2] Styresmaktene måtte avgjera kvar den nye bykjernen skulle flyttast, korleis han skulle sjå ut, kva bygningar ein skulle demontera og flytta og kva for nokre ein skulle erstatta med nye.

Den nye staden låg rundt 3 kilometer aust, til foten av fjellet Luossavaara. Dette var urørt mark nedanfor eit tidlegare gruveområde som allereie tilhøyrde LKAB.[3]

Prosjektet har fått stor merksemd rundt om i verda.[4]

Kjelder endre