LKAB (Luossavaara-Kiirunavaara Aktiebolag) er eit svensk gruvedriftselskap som bryt jernmalm i Kiruna og Malmberget. Hovudkontoret ligg i Luleå.

LKAB

Selskapsformaktiebolag Sjå dette på Wikidata
Skipa1890
DotterselskapLKAB Malmtrafik Sjå dette på Wikidata
Eigarden svenske regjeringa Sjå dette på Wikidata
Bransjegruvedrift
ProduktJernmalm Sjå dette på Wikidata
HovudkontorLuleå Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.lkab.com/
Gruva i Kiruna i 2009
Foto: Johannes Jansson

Selskapet er heileigd av den svenske staten. Det blei skipa i 1890 som eit privat selskap.

Historikk Endra

Den første kjende malmførekomsten kan daterast tilbake til 1660-talet. Mange forstod at det låg store rikdommar i fjella, men det var store vanskar ved å nyttiggjera seg malmen, ikkje minst å transportera han til næraste hamn. I 1888 blei Malmbanan bygd mellom Luleå og Kiruna. LKAB blei stifta i 1890. Mesteparten av jernmalmen blei, og blir framleis, transportert med tog til Narvik i Noreg, og skipa derfra ut til land over heile verda.

LKAB var opphavleg eit privat selskap, noko som førte til heftig debatt i Den svenske riksdagen om staten skulle overta eller ikkje. Mange meinte at staten burde overta til «rikets beste». Denne meininga stod også militæret for, ettersom ein der frykta kva som kunne skje om utanlandske eigarar la beslag på svenske naturressursar. LKAB blei til slutt, i 1907, eit selskap der staten eigde halvparten, med opsjon på å overta resten etter 50 år. Dette skjedde i 1957, då selskapet blei helstatleg.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra