Kishon
Kishon (hebraisk נחל הקישון, arabisk Nahr el-Mokkat)[1][2] er ei elv i Israel som flyt ut i Middelhavet ved byen Haifa.
Kishon | |||
Nahal Kishon | |||
elv | |||
Kishonelva nær Haifa i 2010
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
By | Haifa | ||
Koordinatar | 32°49′N 35°02′E / 32.817°N 35.033°E | ||
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Gilboafjella | ||
Munning | Haifabukta | ||
Kishon 32°49′00″N 35°02′00″E / 32.816666666667°N 35.033333333333°E | |||
Kart som viser Kishon.
| |||
Wikimedia Commons: Kishon River |
Løp
endreKishon er 70 km og flyt året rundt. Ho spring ut i Gilboafjella og flyt vest-nordvestover gjennom Jezreeldalen, før ho munnar ut i Haifabukta i Middelhavet.[3]
Historie
endreKishon er nemnt to gonger i Bibelen. Første kongeboka 8:40 nemner avrettinga av profetane frå Baal etter ordre frå Elias og i Domarane 5:21 vaskar Kishon bort den kanaanittiske hæren.
Etter slutten av første verdskrigen var det ein auke i talet på jødiske kolonistar i Palestina under den tredje Aliyah. Dei som kom til Haifa vart haldne i karantene i teltleirar ved munningen av Kishon. Mange vart infisert med malaria som området var frykta for.[4] Under Det britiske mandatet vart området industriområdet i Haifa med eit energiverk, jernbaneverkstad og eit oljeraffineri for Iraq Petroleum Company.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kishon River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Henderson, Rev Archibald D.D. (1893) Palestine. Its Historical Geography, with topographical index and maps.T&T Clark, Edinburgh. Second edition, revised. p.211
- ↑ Easton, M.G., M.A., D.D. (1893) 'Illustrated Bible Dictionary and Treasury of Biblical Historie, Biography, Geografi, Doctrine, and Literature With Numerous Illustrations and Important Chronological Tables and Maps. T. Nelson and Sons, London, Edinburgh and New York. p.411
- ↑ «Cleaning up the Kishon River». Ministry of the Environment (Israel). Henta 30. september 2014.
- ↑ Duff, Douglas V. (1934) Sword for Hire. The Saga of a Modern Free-Companion. John Murray, London. 1st Edition. s.118-120
- ↑ Matson, G. Olaf (c.1946) The Palestine Guide including Trans-Jordan. Joshua Simon, Jerusalem. Fifth Edition. s.324 327
Bakgrunnsstoff
endre- Kishon elvetilsyn (hebraiske)