Kissufim (hebraisk skrift כִּסּוּפִים, tyder Lengsel) er ein landsby nordvest i Negevørkenen i Israel. Han ligg like ved Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. Landsbyen ligg 92 meter over havet.

Kissufim
כִּסּוּפִים, כיסופים
kibbutz
Namneopphav: Lengsel
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°22′27″N 34°23′58″E / 31.37417°N 34.39944°E / 31.37417; 34.39944
Folketal 235 (2015)
Grunnlagd 1951
 •  Grunnlagd av nord- og søramerikanske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kissufim
31°22′27″N 34°23′58″E / 31.374166666667°N 34.399444444444°E / 31.374166666667; 34.399444444444
Wikimedia Commons: Kissufim

Historie

endre

Landsbyen vart grunnlagd i 1951 av sionistungdomsrørsla frå USA og Sør-Amerika. Han er ein del av Shalom-blokka av israelske busetjingar for å sikre den sørlege grensa til Israel mot Gazastripa frå mange Fedayeen-infiltrasjonar. Styresmaktene har nyleg finansiert tilbygg til kvar heim som tener som bomberom.

Kissufim-overgangen

endre

Den nærliggande grenseovergangen til Gazastripa, kalla opp etter kibbutzen, var hovudvegen inn i Gush Katif-området i Israel frå Gaza. Han er permanent lukka for inngåande israelsk, sivil trafikk sidan 15. august 2005. Den siste israelske soldaten forlet Gazastripa og porten vart lukka kvelden 12. september 2005.[1]

Kjelder

endre
  1. Israel completes Gaza withdrawal BBC News, 12. september 2006

Bakgrunnsstoff

endre