Kivledalen er ein dal i Seljord kommune i Telemark. Han ligg mellom fjella Skorve og Hattefjell.

Kivledalen
dal
Seljordsvatnet og Kivledalen sett frå Hovedbølet.
Land  Noreg
Fylke Telemark fylke
Kommune Seljord kommune
Kart
Kivledalen
59°29′56″N 8°35′42″E / 59.49891°N 8.59494°E / 59.49891; 8.59494

Busetnad endre

Den fyrste kjende busetnaden blei etablert på 1500-talet på hovudbølet. Det ligg fleire småbruk i dalen. Desse var i dagleg drift fram til slutten av førre hundreåret. Det er i dag ca. 15 fastbuande i dalen.

Segn endre

Det finst fleire segner knytt til Kivledalen, mest kjend er segna om Kivlemøyane. Ifølgje segna skal det ha lege ei kyrkje på Nystaulækrun.

Rekreasjon endre

Kivledalen er ein velkjend rekreasjonsstad for folk frå Seljord. Det er merka turløyper til Gøysen (1370 moh.) via Listaul og Nordnibba (1360 moh.) via Skrovestaul. Om vinteren er det preparerte skiløyper til Lomma og Manndal.

Kraftutbygging endre

I 2001 fekk Olav Kåsa konsesjon til å bygge minikraftverk i Hovuddukfossen. Dette bygget stod ferdig i 2003.

Kjelder endre