Opna hovudmenyen
Kjøleskap.

Eit kjøleskap er eit kjøkenapparat som vert nytta til å halde matvarer kjølige så dei held seg ferske. Eit kjøleskap er sett saman av ein isolert behaldar og ei varmepumpe, som kan vere mekanisk, kjemisk eller magnetisk. Varmepumpa transporterar bort termisk energi frå behaldaren. Vanleg kjøleskapstemperatur ligg kring +4 °C.

HistorikkEndra

På 1920-talet inneheldt kjøleskap ammoniakk, noko som kunne vere svært farleg ved lekkasje. I 1929 omkom meir enn hundre menneske av ein ammoniakklekkasje på eit sjukehus i Cleveland, Ohio[treng kjelde]. Ammoniakken vart etterkvart erstatta av klorfluorkarbonar, forkorta til KFK, som ein trudde var ufarleg, men som seinare viste seg å bryte ned ozonet i stratosfæren. I moderne tid er det forbode å bruke KFK-gassar i kjøleskap. Ein av dei vanlegaste kjøleskapsgassane i dag er isobutan, som ikkje gjer skade på ozonlaget.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kjøleskap
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.