Varmepumpe er ei maskin som flyttar termisk energi frå ei temperatursone til ei anna temperatursone med høgare temperatur.

Varmepumpe: 1) Kondensator, 2) Strupeventil, 3) Fordampar, 4) Kompressor.

Arbeidsprinsipp endre

EI varmepumpe har eit lukka system, fylt med eit medium som vekslar mellom gass- og væskeform. Dette mediumet vert sirkulert av ein kompressor. Kompressoren aukar trykket, noko som fører til at temperaturen aukar på trykksida av kompressoren. Den varme gassen vert ført gjennom ein varmevekslar, som avgir termisk enegi til omgjevnadane. Varmevekslaren vert då som oftast kalla ein radiator. Alternativt kan varmevekslaren avgi termisk energi til eit anna væskefylt lukka system, som så avgir termisk energi til omgjevnadane via ein radiator, som til dømes i eit sentralvarmesystem.

Når væska taper termisk energi til omgjevnadane søkk temperaturen og gassen kondenserer til ei væske. Denne væska vert så ført gjennom ei innsnevring (strupeventil), som reduserer trykket. Væska, som no har lågt trykk og moderat temperatur, vert ført gjennom ein annan varmevekslar, som tilfører termisk energi til væska, slik at ho fordampar og går over til ein gass. Gassen vert så ført til kompressoren og syklusen gjentek seg.

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Bakgrunnsstoff endre