Kjeld Langeland

norsk politikar

Kjeld Langeland (9. august 192025. januar 1973) var ein norsk lærar og politikar frå Bergen som representerte Hordaland og HøgreStortinget frå 1965 til han døydde i 1973.

Kjeld Langeland
Fødd 9. august 1920
Bergen
Død

25. januar 1973 (52 år)

Yrke politikar

Langeland var son til ein næringsdrivar. Frå 1945 til -49 underviste han ved Danielsens skole i Bergen, der etter var han lærar 1950-53 ved Åsane folkeskule og sidan 1953 adjunkt ved Åsane realskule og gymnas.

Langeland engasjerte seg i lokalpolitikken i Åsane og var medlem i kommunestyret frå 1956 til 1971, ordførar 1960-63. Perioden 1956-60 var han forretningsførar for overformynderiet i Åsane og 1959 formann i skulestyret. Han var medlem i fylkesskulestyret i Hordaland frå 1960 til 1967 og formann 1964-66 i skulenemnda i Hordaland. Då Åsane kommune frå 1972 var slått saman med Bergen kommune, var han medlem i bystyret til han døydde.

Frå hausten 1965 var Langeland stortingsrepresentant frå Hordaland til han døydde vinteren 1973. Alle sesjonane på Stortinget sat Høgre-mannen i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

KjelderEndra