Kjell Fuglehaug, fødd 1950, er ein norsk programleiar for NRK.

Biografi endre

Far til Kjell Fuglehaug jobba på Bergensbanen, og Fuglehaug er difor nærmast oppvaksen langs banen. Dei fyrste leveåra sine budde han på Bergheim, før dei flytte til Hallingskeid i Ulvik herad.[1] Her måtte han ta toget for å gå på skule på Finse. Som tredjeklassing flytte Fuglehaug til Myrdal, der han budde til han var 15. Då flytte han til Voss.[2]

Fuglehaug starta i NRK i 1979 som kontaktmedarbeidar. Han vart fast tilsett i 1983, og jobba dei fyrste åra i NRK sin distriktsredaksjon i Hordaland. Seinare jobba han som programleiar i NRK P2 i nokre år og deretter gjekk han over i NRK P1.[3]

I 1995 starta Fuglehaug som fjernsynsprogramleiar for NRK. Han er mest kjend frå NRK-programmet Antikviteter og snurrepiperier, men har også leidd andre program. M.a. var han programleiar for NRK-programmet Med hjarte på rette banen som vart laga i høve 100-årsjubiléet til Bergensbanen.[1]

I dag er Fuglehaug tilsett i Naturredaksjonen i NRK og lagar eigne tittelprogram frå norsk natur, som Kjos i det fri, Med fjellsko og fallskjerm og Ut på tur til Hardanger.

Han har også delteke med innslaget Frå loft til kjellarMorellfestivalenLofthus i Hardanger.[4]

Programleiar endre

Referansar endre