Opna hovudmenyen

Finse er ei grend i Ulvik herad i Hordaland. Staden ligg ved FinsevatnetHardangervidda og har vakse opp rundt Finse stasjonBergensbanen.

Finse
stad
FinseInWinter.jpg
Finse i januar 2008
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Ulvik
Postnummer 5719 FINSE
Preposisjon Finse
Wikimedia Commons: Finse

Finse er ein turiststad og utgangspunkt for turløypa til mellom anna Geiterygghytta, sykkelturar på Rallarvegen og turrennet Skarverennet.

Det fyrste huset vart sett opp på Finse i 1901 i samband med bygginga av Bergensbanen, og i 1903 opna det fyrste hotellet. Den fyrste innandørs ishallen i Noreg opna på Finse i 1914. På det meste budde det opp mot 200 personar på Finse og staden hadde eigen skule og butikk heilt opp til slutten av 1980-talet. Dei fleste som budde der hadde arbeidet sitt i NSB og då dei kutta ned på arbeidsstokken og drifta utover 1960- og 70-talet førte det til fråflytting. I dag er det berre eit fåtal fastbuande att, og dei er stort sett sysselsette i hotelldrifta.

FotografiEndra

BakgrunnsstoffEndra