Kjell Magne Fredheim

norsk politikar

Kjell Magne Fredheim (3. februar 192828. oktober 2006) var ein norsk journalist og politikar frå Os i Hedmark. Han representerte Hedmark og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til 1989.

Kjell Magne Fredheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1928
Os kommune
Død

28. oktober 2006 (78 år)
Kongsvinger kommune

Yrke politikar, journalist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Fredheim var son til ein småbrukar og bygningsmann i Os. Han gjekk handelsskule 1945/46 og var dei neste to åra ekspeditør og avdelingsstyrar ved samvirkelag. Frå 1948 til 1953 arbeide han på kontor og i bank, samt i to år i Norsk Telegrambyrå si biletavdeling.

I 1954 gjekk Fredheim over i journalistyrket. Etter vel eit år avisa Arbeidets Rett på Røros, tok han i 1955 over leiinga ved avisa Glåmdalen sitt kontor i Flisa, og var tilsett i Glåmdalen til 1969, siste par åra i hovudredaksjonen på Kongsvinger.

Fredheim var varaordførar i Åsnes kommune perioden 1966-67. Han vart vald til stortingsrepresentant hausten 1969, og med fire attval hadde han sete i Stortinget i 20 år. Den fyrste fireårsperioden var han med i Utanriks- og konstitusjonskomitéen, medan han dei neste åtte åra var medlem i Kirke- og undervisningskomitéen. Frå 1981 til -85 var han på ny medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen, før han avslutta med fire år som leiar i Forsvarskomitéen.

Fredheim var elles formann 1971-93 i Støtteutvalet for dagsavisene, styremedlem 1975-81 i Direktoratet for utviklingshjelp og 1989-96 i Distriktenes utbyggingsfond. I tida 1990-98 var han leiar i Landsrådet for Heimevernet.

Etter han forlet Stortinget i 1989 var Fredheim politisk kommentator i Glåmdalen til 1998.

Kjelder endre

Stortingsbiografi