Os kommune

kommune i Innlandet fylke i Norge

Os er ein kommune i Østerdalen i Innlandet fylke. Kommunen har grenser i nordvest til kommunane Midtre Gauldal, i nordaust til Røros, i søraust til Engerdal og i sørvest til Tolga.

Os kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Os
Areal 1 040 km²
 •  land 1 013 km²
 •  vatn 27 km²
Folketal 1 891  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Runa Finborud (Sp)
Kommunenr. 3430
Kart
Os kommune
62°28′34″N 11°14′35″E / 62.476111111111°N 11.243055555556°E / 62.476111111111; 11.243055555556
Wikimedia Commons: Os, Innlandet
Nettstad: www.os.hedmark.no

Historikk

endre

Os kommune var del av Tolga formannskapsdistrikt frå 1837. I 1926 vart kommunen skild ut frå Tolga kommune. Os hadde då 1 936 innbyggjarar.

1. januar 1966 vart Tolga og Os kommunar slått saman til den nye Tolga-Os kommune. Ved denne samanslåinga hadde Os 2 015 innbyggjarar. Den 1. januar 1976 blei Tolga-Os igjen delt i to kommunar. Os hadde då eit innbyggjartal på 1 859.

Bilete

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.