Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjent turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekkjer til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.

Kjerag
fjell
Lysefjorden fjord.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Forsand (Rogaland)
Høgd 1 110 moh.
Koordinatar 59°01′22″N 6°34′12″EKoordinatar: 59°01′22″N 6°34′12″E

Kjerag
59°1′59″ N 6°35′45″ E
Wikimedia Commons: Kjerag
Mann på Kjeragbolten.

I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5  stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.

Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.

BASE-hoppingEndra

Kjerag har vorte ein populær stad for BASE-hopping. Frå 1994 til 2008 vart det utført 29 000 hopp.[1] Frå 1994 til 2005 mista 9 basehopparar livet ved Kjerag, dei fleste av dei frå utlandet. [2]

I den norske dokumentarfilmen Loop kan ein sjå Kristen Reagan som først klatrar opp dei 1000 metrane og så kastar seg utfor same fjellvegg med fallskjerm.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra