Kjersti Kollbotn

norsk forfattar

Kjersti Kollbotn (fødd 27. februar 1959)[1] er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø.[2] Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 budd i Tromsø.

Kjersti Kollbotn
Kjersti Kollbotn.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 27. februar 1959 (62 år)
Breim
Yrke Ingeniør
Periode 2009-
Debut Eg er mamma, eg skal vere god
Kjersti Kollbotn på Commons

Kjersti Kollbotn har tatt forfattarutdanning ved Universitetet i Tromsø og i Bø og er ein av fem medlemmar i gruppa «Jernbanepoetene».[2] Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med boka Eg er mamma, eg skal vere god i 2009. For denne boka blei ho heidra med Blix-prisen i 2010.[2]

I 2015 blei ho tildelt Tanums kvinnestipend.[3] Kollbotn var styremedlem i Nordnorsk forfattarlag i 2007-2011.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1995 – Kvinner i fysisk planlegging : kva har auka deltaking betydd? (Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning) I fulltekst ved nb.no

I bøker - eit utvalEndra

I tidsskrift - eit utvalEndra

Prisar og utmerkingarEndra

  • 2010 – Blixprisen for Eg er mamma, eg skal vere god[4]
  • 2015 – Tanums kvinnestipend[5]

ReferansarEndra

  1. ««Kjersti Kollbotn (27.02.1959)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 18. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Fjordgaten
  3. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Henta 21. september 2015. 
  4. «Kjersti Kollbotn (1959 - )». Fjordgaten / Kulturnett. Henta 21. september 2015. 
  5. «Kjersti Kollbotn er tildelt Tanums kvinnestipend 2015». Cappelen Damm. Henta 21. september 2015. 

BakgrunnsstoffEndra