Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) er ein norsk forfattar frå Høyanger i Sogn og Fjordane.[1][2]

Kjersti Wøien Håland

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1988 (35 år)
Yrke skribent
Sjanger Lyrikk, prosa
Debut Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013)
Kjersti Wøien Håland på Commons

Håland er utdanna manusforfattar ved Den norske filmskulen.[3] Ho har også studert ved Westerdals Høyskole i Oslo[2], og vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing KjerstiFlamme Forlag i 2013.[1]

Kjersti Wøien Håland vart nominert til Ungdommens Kritikerpris 2014-2015 for romanen Dommedøgn.[4]

Håland har skrive manus til NRK sin ungdomsserie «Lovleg».

Bibliografi endre

Bøker endre

I bøker - eit utval endre

  • 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen). ISBN 978-82-02-48625-9  [Av innhaldet: Fortel meg / Kjersti Wøien Håland. Redaktør: Ellen Wisløff]
  • 2016 – Ren poesi del 2 : gjennomskuet og likevel elsket (Oslo: Aller forlag). ISBN 9788232502417  [Av innhaldet: Ein skulle kunne, Nokre gonger / Kjersti Wøien Håland. Redaktør: Ellen Wisløff]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 May Britt Eide (22. januar 2013). ««Kjersti (24) er klar med debutboka si»». Ytre Sogn. Henta 22. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 Adelheidur Audardottir Oldeide (1. februar 2013). ««Twitter-inspirasjon vert bokdebut»». Nettstaden til NRK Sogn og Fjordane. Henta 18. mars 2013. 
  3. ««Den norske filmskolen - Kjersti Wøien Håland»». Nettstaden til Den norske filmskulen. 23. oktober 2017. Henta 23. oktober 2017. 
  4. Ungdommens Kritikerpris, 2014

Bakgrunnsstoff endre