Kjetil Knutsen (fødd 2. oktober 1968) i Arna, Bergen er per 2007 ein norsk utviklingstrenar i Sportsklubben Brann. Knutsen viste tidleg stort talent på fotballbanen, og spelte mellom anna på Branns gute- og juniorlag som tenåring. Han fekk og med seg nokre kampar på gutelandslaget, men nådde aldri A-lagsspel i Brann.

Kjetil Knutsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1968 (56 år)
Arna
Yrke fotballtrenar, fotballspelar

Knutsen starta trenarkarrieren sin i 2. divisjonsklubben Hovding i 1996, før han meldte overgang til Brann og jobben som spelarkoordinator i 2004.

Knutsen er opphavleg utdanna lærar.