Kjetil Wæhler

norsk fotballspelar

Kjetil Wæhler (fødd 16. mars 1976) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo som vart seriemeister 2005 og noregsmeister 2008 med Vålerenga, og vinnar av svenska cupen 2013 med IFK Göteborg.

Kjetil Wæhler
Fødd 16. mars 1976
Fødestad Oslo

Wæhler spelte på FC Lyn Oslo frå 1992 til 1999. Deretter var han knytt til engelske Wimbledon FC fram til 2002, då han ei kort tid var Mosse-spelar. Sidan hadde han kontrakt med Vålerenga i vel seks år til hausten 2008, der han var ein sentral spelar frå sin midtstopparplass. Oslolaget vann den norske toppserien i 2005 og sigra med 4-1 over Stabæk IF i NM-finalen 2008. Vinteren 2009 flytta Wahler over til danske Aalborg BK, før ferda gjekk vidare i 2012 til den svensk toppklubben IFK Göteborg. Med Göteborg vart han svensk cupvinnar 26. mai 2013, etter at laget hans tok heim sigeren på straffeskyting mot Djurgårdens IF. Wæhler avslutta sitt lange fotballiv med to sesongar i Vålerenga i 2015 og 2016.

Frå debuten i 2005 til sin siste kamp for Noreg i 2013, aksla Wæhler landslagstrøya 32 gongar. Han var fast stopparkollega med Brede Hangeland i åra 2010 og 2011, elles gjekk han ut og inn av landslagsellevaren. Han skåra sitt einaste landslagsmål då han vart kampvinnar mot Sør-Afrika på Ullevaal stadion i Oslo 10. oktober 2009.

Kjelder endre