Brede Hangeland

norsk fotballspelar

Brede Paulsen Hangeland (fødd 20. juni 1981) er ein norsk fotballspelar, fødd i Houston i Texas i USA og oppvaksen i Stavanger. Sidan sommaren 2014 spela han for den engelske fotballklubben Crystal Palace FC, i tida 2008-14 spelte han for Fulham FC. Frå 2002 til 2014 spelte han 91 landskampar for Noreg, var kaptein for fotballandslaget frå august 2008. Hangeland spelar på midtstopparplass, men har også vore defensiv midtbanespelar.

Brede Hangeland
Personleg informasjon
Fullt namn Brede Paulsen Hangeland
Fødd 20. juni 1981
Fødestad Houston
Høgd 194 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fulham
Nummer 5
Ungdomsklubbar
1998-2000 Noreg FK Vidar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000–2005
2006-2008
2008–
Noreg Viking
Danmark København
Fulham
114 (6)
63 (3)
162 (8)
Landslag
2001-2003
2002-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
12 (0)
78 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. september 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 12. september 2012

Aktiv endre

Hangeland spelte frå 1998 for FK Vidar, ein klubb som deltok på nivå 3 i Noreg. I 2001 gjekk han over til toppserieklubben Viking, der han same sesongen var med å vinne cupfinalen. November 2002 debuterte han på det norske landslaget i ein kamp mot Austerrike som enda med norsk siger 1-0.

I januar 2006 teikna Hangeland kontrakt med den danske klubben FC København. Her spelte han i to år, klubben vann den danske seriemeisterskapen 2006/07. Januar 2008 vart han overført til London-klubben Fulham, der han var med på å berge plassen til klubben i toppdivisjonen. Gjennom sesongen 2009/10 spelte Fulham seg heilt fram til finalen i Europaligaen, der det etter ekstraomgangar enda med tap 1-2 mot Atletico Madrid frå Spania. Etter at Fulham rykte ned frå toppdivisjonen våren 2014, vart Hangeland fristilt av klubben. Om sommaren teikna han kontrakt med Premier League-klubben Crystal Palace, også denne heimehøyrande i London.

Merittar endre

  • Dansk seriemeister 2007 med FC København
  • Norsk cupmeister 2001 med Viking Fotballklubb
  • Sølv i Europaligaen 2010 med Fulham FC

Kjelder endre