Kjuker

(Omdirigert frå Kjuke)

Kjuker er soppar som lagar sidestilte, harde fruktlekamar på ved, gjerne stammer og greiner. Kjuker vert normalt ikkje rekna som matsoppar.

Kjuke på ei trestamme på Lofthus i Hardanger.
Panellus stipticus med bioluminescens.

Morfologi endre

Sporane sit i eit porelag. Kjukene kan vera fleirårige, som knuskkjuke og raudrandkjuke, eller eittårige, som t.d. silkekjuke og svovelkjuke. Fruktlekamane er vanlegvis treharde, seige eller korkaktige.

Økologi endre

Dei fleste kjuker bryt ned ved og er årsak til kvitrote eller brunrote. Ved kvitrote vert både cellulose og lignin brote ned; ved brunråte, vert berre cellulosen nedbroten, og det brune ligninet vert liggjande att. Kjukene gjer vidare nytte for seg ved å bryte ned daud ved. Nokre kjuker går til åtak på levande tre, som t.d. rotkjuke på gran og svovelkjuke på lauvtre (t.d. eik), andre kjuker går til åtak på tre som er svekka, t.d. knivkjukebjørk. Dei fleste kjukene går på daude eller døyande tre, velta stammer, fallved, vedrestar eller på trekonstruksjonar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kjuker
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.