Klas Ingesson

svensk fotballspelar

Klas Inge «Klabbe» Ingesson (20. august 196829. oktober 2014) var ein svensk fotballspelar frå Ödeshög. Han var aktiv mellom 1985 og 2001. Han spelte for klubbane IFK Göteborg, KV Mechelen, PSV Eindhoven, Sheffield Wednesday, AS Bari, Bologna FCOlympique Marseille og US Lecce. Han spelte òg 75 landskampar og skåra 6 mål. Han spelte for det svenske landslaget i VM i 1990 og 1994 og i EM i 1992. Han var med på det svenske bronselaget i 1994. Han døydde i 2014 av beinmargskreft.

Klas Ingesson
Personleg informasjon
Fullt namn Klas Inge Ingesson
Kallenamn Klabbe
Fødd 20. august 1968
Fødestad Ödeshög i Sverige
Død 29. oktober 2014 (46 år)
Dødsstad Ödeshög
Høgd 190 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986–1990 IFK Göteborg 53 (8)
1990–1993 Mechelen 99 (28)
1993–1994 PSV 12 (1)
1994–1996 Sheffield Wednesday 17 (0)
1996–1998 Bari 94 (11)
1998–2000 Bologna 64 (11)
2000–2001 Marseille 13 (0)
2001 Lecce 19 (1)
Totalt 371 (56)
Landslag
1987–1997 Sverige 75 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Kjelder

endre