Klavfjorden
61°36′35″N 5°9′26″E / 61.60972°N 5.15722°E
Klavfjorden er ein fjordarm til Botnafjorden i Kinn kommune i Vestland, like aust for Florø. Fjorden har ei lengd på om lag tre km og strekkjer seg frå Brandsøya i vest til aust. Fjorden ligg på sørsida av øya Grønenga og på nordsida av neset Klaven, som fjorden er kalla opp etter.
Brandøysundet ligg mellom Brandsøya og Klaven og sør til Solheimsfjorden. Ved sundet ligg tettstaden Brandsøy. På nordsida av Grønenga ligg Norddalsfjorden.