Koordinatar: 61°34′55.420″N 5°4′29.989″E

Solheimsfjorden

Solheimsfjorden er ein fjord i Flora kommune i Sogn og Fjordane som ligg på sørsida av Florø og Florølandet. Fjorden er ei fortsetjing av Vassreset, som fjorden stundom vert rekna som ein del av. Fjorden strekkjer seg 7 km austover til starten av Eikefjorden. På sørsida strekkjer Høydalsfjorden seg søraustover.

Fjorden har innløp mellom Veidesund i sør og Florø lufthamn i nord. Mellom Florø og Gaddevåg, som er ein del av byen, ligg Gaddevågen på øya Brandsøya, som går nord til Botnafjorden på nordsida av Florø. På sørsida av Brandsøya ligg grenda Solheim, som fjorden er kalla opp etter. Mellom Brandsøya og halvøya Klaven går Brandøysundet nord til Klavfjorden. Tettstaden Brandsøy ligg ved Brandsøysundet.

På sørsida av fjorden ligg øyane Stavøy og Ålvora. Aust for Ålvora og sør for Brandøysundet ligg innløpet til Høydalsfjorden, medan Eikefjorden startar like aust for Brandøysundet.