Kleppe
Kleppe er administrasjonssenteret i Klepp kommune på Jæren i Rogaland fylke. På Kleppe bur det om lag 3000 menneske, men medrekna Verdalen er det 9 066 innbyggjarar per 1. januar 2017 i tettstaden Kleppe/Verdalen.
Kleppe | |||
stad | |||
Byggeaktivitet i Kleppe sentrum våren 2007
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland fylke | ||
Kommune | Klepp kommune | ||
![]() Kleppe | |||
Wikimedia Commons: Klepp | |||
Klepp kyrkje frå 1846 ligg mellom dei to høgdedraga Kleppevarden og Haugabakka. Nedanfor kyrkja ligg Kleppekrossen, som er sentrum i bygda. Det ligg rundt krysset mellom hovudvegen over Jæren (Rv.44) og den ytre hovudvegen vidare nordover til Sola og Stavanger (Rv.510). Rv.44 går i dag i tunnel under Kleppevarden nord for Klepp kyrkje og vest for det tidlegare vegkrysset.[1]
I Kleppekrossen finst bankar og ymse butikkar . I nordaustre delen av Kleppe ligg Klepp stadion og Kleppe skule. Vidare i austleg retning mot Klepp stasjon ligg idretts- og symjehall, turnhall og ny ungdomsskule (bygd i 2005).
KjelderEndra
- ↑ Thorsnæs, Geir (8. juni 2020). «Kleppekrossen». Store norske leksikon (på norsk bokmål).