Verdalen ligg kring ein kilometer frå Kleppe i Klepp kommune i Rogaland fylke. Verdalen har etter kvart fått ein nordleg og ein sørleg del etter som nye bustadfelt er bygd ut. Frå den sørlege delen av Verdalen og ned til Kleppe er det om lag ein halv kilometer. Bore barneskule og ungdomsskule ligg nord i Verdalen. Sør i Verdalen er det ein del føretak. Dei seinare åra har det kome ein eigen matbutikk i Verdalen.

Statistisk sentralbyrå reknar Verdalen og Kleppe som ein samla tettstad. Tettstaden Kleppe/Verdalen har 9 859 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Sjå òg endre