60°23′43.037″N 5°18′54.623″E / 60.39528806°N 5.31517306°E / 60.39528806; 5.31517306

J. J. Reichborns teikning frå 1768 av skulehuset Betlehem, eller «Nÿekirke Sogns Fattige Børns Skole».

Klosteret er namnet på ein plass i Bergen som ligg i krysset mellom Klostergaten, Haugeveien, Holbergsallmenning og Vestre Holbergsallmenning. Namnet vart vedteke i 1857 på bakgrunn av at Munkeliv kloster låg her i mellomalderen, skipa i byrjinga av 1100-talet, brend og rive i 1536. Namnet Klosteret vert òg nytta i daglegtalen om området der plassen ligg.

På Klosteret ligg Hordaland kunstsenter i eit eldre hus som opphavleg er oppført i bindingsverk. Huset vart gjeve av Mads Forman til Nykirken sokn i 1739 som skulehus, ombygd i 1742 og gjeve namnet Betlehem, men mellom folk flest kjent som Grønneskolen. Stiftsarkivet for Bergen nytta huset frå 1885 til arkivet fekk ein ny bygning på Årstadvollen i 1921. Bildende Kunstneres Forening fekk overta huset i 1985, etter at det hadde vorte restaurert. Her er det utstillingslokale for biletkunst og kunsthandverk, og gjesteatelier.

Bakgrunnsstoff endre